Nyhet -

Ei solskinshistorie fra Sædalen i Bergen

Regnet er eit bumerke for Bergen. Likevel trassar Arne Nakling vergudane, er optimist og i periodar av året sjølvforsynt med straum frå eit seks kilowatts solenergianlegg på taket av familiebustaden i Sædalsvegen 71A i Fana.

Fornybarunderet skjer altså i byen mellom dei sju fjell, der solinnstrålinga berre er 30 prosent av innstrålinga ved ekvator.

- Solstraum produsert frå solceller på hustak i regnvåte Bergen skal ikkje undervurderast. Det er massevis av sørvende tak som berre ventar på solceller. Aller mest gunstig for produksjon av solstraum er mai månad. Bra med sol og passe kjøleg. Det er ein fordel at det ikkje blir for varmt, fortel Nakling.

Heile 50 kvadratmeter av taket på den 200 kvadratmeter store einebustaden han kjøpte i 2001 er dekka av solcellepanel og solfangarar.

Idealistar

- Men det har kosta. Investeringane i solcelleanlegget vil ta mange tiår å tena inn att. Men eg og kona er idealister og gjer dette fordi vi ynskjer å medverka til ei miljø- og klimavenleg framtid, seier Nakling. Dei 20 solcellemodulane er kjøpte i Tyskland i tre omgangar. Nakling har sjølv henta dei med tilhengar på bilen og «eksportert» dei til Bergen.

- På denne måten slepp eg i alle fall den tyske momsen på varene, smiler Nakling, som reknar med at han har betalt om lag 200 000 kroner på solcelleanlegget. Dersom han hadde kjøpt heile anlegget i dag ville investeringa vore halvert på grunn av ein kraftig prisreduksjon dei siste åra.

- Prisen og teknologien har betra seg mykje sidan eg kjøpte dei første modulane i 2003. Prisen er redusert frå ca. ca. 1 300 euro pr. modul til ca. 600 euro pr. modul i 2011. Vekta på kvar modul er redusert frå 50 til 18 kilo, fortel Nakling.

Ein studie av solcellemarknaden i Europa som Simona Petroncini, spesialrådgjevar i BKK, nyleg har utført stadfester Nakling sine erfaringar med pris- og teknologiutviklinga.

- Prisen for solceller har falle mellom 20-25 prosent frå 2009 til 2010 og vidare fall er venta dei neste fem åra, seier Petroncini.

Den lokale solstraumprodusenten i Sædalen vart kopla til BKK sitt nett i 2003. Inntil BKK i fjor haust installerte to nye automatiske straummålarar i huset, vart straumforbruket og straumproduksjonen registrert i ein analog målar.

- Når elproduksjonen frå anlegget vart mata inn på nettet i overskotsperiodar gjekk målaren baklengs og vi fekk eit frådrag i totalforbruket, smiler Nakling, som også utnyttar jordvarmen 180 meter under tomta. Han reknar med å få glede av jordvarmen i eit nytt varmepumpeanlegg til vinteren. Familien satsar fornybart. Elbil i garasjen og eit offentleg tilgjengeleg ladepunkt på utsida er andre eksempel på eit sterkt klima- og miljøengasjement.

Sidan september i fjor har solcelleanlegget til Nakling produsert 4 500 kWh, der 800 kWh er mata inn på nettet til BKK.

Første plusskunde

- Arne Nakling er vår første sokalla plusskunde. Det vil seia at anlegget hans kan i overskotsperiodar levera elproduksjonen ut på nettet vårt. Dette er eit interessant og nyskapande pilotprosjekt i vårt område som vi kan læra mykje av. Vi ynskjer at vårt framtidige nett skal vera tilrettelagt for slike typar lokal, fornybar energiproduksjon, undestrekar Hans Terje Ylvisåker, ansvarleg for programmet "Nett 2020" i BKK.

Ylvisåker er oppteken av at slik kortreist kraft frå lokale små produksjonsanlegg ikkje skal utgjera ein risiko for arbeid i nettet.

- Dersom slik elproduksjon vert levert på nettet vårt (tilbakespenning) når nettet er spenningslaust er det ein risiko for våre mannskap. Derfor er det viktig at slike anlegg har tilfredsstillande utstyr. Vekselrettarane, som omformarar solstraumen frå likestraum til vekselstraum, må ha utstyr som automatisk koplar ut innmatinga i nettet når vi driv vedlikehald i området, understrekar Ylvisåker, som rosar Nakling for å ha montert ein vekselrettar med ei slik sikring.

Redusert tap i nettet

Ylvisåker opplyser at BKK i løpet av året vil leggja fram eit forslag til Nakling om godtgjersle for den straumen han leverer ut på BKK-nettet. Kortreist straum betyr også redusert tap i nettet. Det er positivt både for nettselskapet og samfunnet elles.

- Vi vurderer nytteeffekten vi har av solcellestraumen opp mot kostnadene vi har med tapet i eige nett. Vi vil kjøpa produksjonen hans til spotpris, seier Ylvisåker. Han meiner at dagens nett ikkje er tilpassa ein vekst i slik lokal elproduksjon, anten det er frå solceller, bioenergi, vind, brenselceller eller andre fornybare energikjelder.

- Vi må vera budd på ei slik utvikling. Dersom styresmaktene verkeleg vil noko med fornybarsatsinga, så må dei også opna for økonomiske verkemiddel som stimulerer til investeringar i intelligente og robuste nett som kan takla transport av kortreist kraft, seier Ylvisåker.

- Men skal vi få fart i småskala, lokal solstraumproduksjon må styresmaktene bidra skikkeleg med offentlege støtteordningar. For å få politikarane til å skjøna dette forventar eg at energiselskapa, også BKK, kjem på banen og medverkar til at styresmaktene gir støtte til at slike fornybare løysingar som solcelleanlegg kan realiserast og vera lønsame, meiner Nakling.

Arne Nakling og kona Monika (midten) er fornybarentusiastar og jaktar på klimavenlege energiløysingar til bustaden. Simona Petroncini frå BKK er særleg oppteken av korleis Nakling klarar utnytta solenergien. 

BKK ynskjer å skaffa seg kunnskap om bruk og produksjon av solstraum frå mikroanlegg. Desse to straummålarane hos Nakling har BKK installert for eiga rekning. Den eine viser straumforbruket inn til bustaden. Den andre viser kort mykje anlegget leverer ut på nettet. 

Emner

  • Miljø, energi

Kategorier

  • solceller
  • solcellemoduler
  • bkk
  • bergen

Kontakter