Pressemelding -

Vitamininnsprøyting for Dale-samfunnet

Kontrakt- og innkjøpsavdelinga i BKK er i full sving med å hjelpa Vaksdal kommune med klargjering av anbodsdokumenta til ein totalentreprise for bygging av ein ny, framtidsretta fleirbrukshall på Dale.

Samtidig "tyggjer" glupske gravemaskiner i stykkje den gamle kraftstasjonen frå 1927 på Dale (sjå video). Tomta etter gamlestasjonen skal husa nybygget.

Innkjøpsavdelinga utarbeider anbodsdokumenta i samarbeid med Vaksdal kommune, arkitektfirmaet Wiberg og konsulentfirmaet Multiconsult. Anbodspapira vert lagt ut på doffin.no, den offentlege innkjøpsportalen, i mai neste år.

Ny tidsepoke
- BKK har vore ein viktig lokal aktør på Dale i snart 100 år. Dale-samfunnet står på terskelen til ein ny og spennande tidsepoke. Bygginga av fleirbrukshallen er framtidsretta og kan bety ei solid vitamininnsprøyting for både kultur- og idrettsliv og Dale-samfunnet elles. Vi har ambisjonar om å visa eit sterkt engasjement og medverka til verdiskaping og utvikling i våre eigarkommunar, seier konserndirektør Økonomi i BKK, Birger C. Schønberg.

- Ein fleirbrukshall har stått på ynskjelista vår veldig lenge. Vaksdal er ein av dei få kommunane i Hordaland som framleis ikkje har eigen idrettshall. No er det endeleg Vaksdal sin tur, seier Svein Ove Hesjedal, prosjektleiar og rådgjevar i Vaksdal komune.

- Val av totalentreprenør skal gjerast sommartid 2012. Om eitt års tid, altså hausten 2012, håpar eg at vi kan setja spaden i jorda og starta byggjearbeidet. Då er halvparten av gamlestasjonen riven, og vi har overteke ei byggjeklar tomt, seier Hesjedal, som legg til at forventningane til hallen er særleg store mellom dei unge i kommunen.

Fullfinansiert hall
Hesjedal opplyser at fleirbrukshallen er fullfinansiert. BKK og Trond Mohn har ytt 10 millionar kvar, og ein lokal sponsor 250 000 kroner. Vaksdal kommune betalar sjølv 14 millionar. Prosjektet er støtta med 7 millionar kronar frå tippemidlar. Hordaland fylkeskommune har gjeve tilsagn om 2 millionar av konsesjonskraftmidlar.

BKK skal framleis eiga gamlestasjonen. Kva innhald stasjonen skal få er ikkje endeleg bestemt og er opp til Vaksdal kommune.

- Men det som står att blir den nye kulturarenaen i bygda. Vi er så heldige å ha fått signal frå BKK om at selskapet er villig til å dekka kostnadene med naudsynt vedlikehald og at "skalet" er i orden. Så får vi ta oss av innhaldet, seier Hesjedal.

Sjå videofil frå rivinga av gamle Dale kraftverk (Video: Harald Kvamme, BKK)

 

Emner

  • Miljø, energi

Kategorier

  • framtidsretta fleirbrukshall på dale.
  • bkk

Kontakter

Nina H. Knudsen

Pressekontakt informasjonssjef 55 12 71 33