Gå videre til innhold
Ruth Lillegraven er debuterande dramatikar, og hadde ikkje høyrt om den tidlegare teatersjefen ved Det Norske Teatret, Cally Monrad, før ho blei engasjert for dette prosjektet.
Ruth Lillegraven er debuterande dramatikar, og hadde ikkje høyrt om den tidlegare teatersjefen ved Det Norske Teatret, Cally Monrad, før ho blei engasjert for dette prosjektet.

Blogginnlegg -

Dramatikar Ruth Lillegraven: - Eg hadde ikkje høyrt om Cally Monrad

Cally Monrad hadde eg ikkje høyrt om før for eitt år eller to sidan. Eg blei straks fascinert av denne talentfulle, viljesterke kvinna som var heilt grenselaus i sine ambisjonar.

Ho dreiv med det meste, romansesong, operasong, lyrikk, prosa, teater og film. Ho lykkast i mykje og feila alvorleg på andre område, særleg då ho melde seg inn i NS. Ho har ei heilt spesiell tilknyting til Det Norske Teatret, sidan ho vart teatersjef her på huset under krigen, innsett av Quisling-regjeringa.

Kva fekk henne til å trø så feil? Kva dreiv henne? Og kven var ho eigentleg? Jo meir eg forskar på denne kvinna, dess meir fascinerer ho meg.

Eg er ein historieforteljar. Eg er meir opptatt av den gode historia enn eg er av sjanger og form. Eg har eit veldig skrivesug i meg, og er nok lykkelegast når eg fysisk skriv og helst kjem inn i teksten og fiksjonen. Reint språkleg er eg veldig opptatt av rytmen og klangen og drivet i teksten – anten det no er poesi, prosa eller dramatikk eg jobbar med.

Eg har ofte ei eller annan form for idé eller plan, men det har ein tendens til å endre seg masse undervegs. Vegen blir til medan eg skriv, eg ser ting klarare og klarare etterkvart. Eg skriv gjerne fort i utgangspunktet men brukar masse tid på å file og flikke og endre og slette i mange rundar, kanskje særleg med dikta, men elles også. Eg elskar alle fasar av arbeidet, men eg blir frykteleg nervøs når noko skal møte eit publikum. Det er den mest krevjande fasen for meg.

Å komme i kontakt med teateret har vore eit eventyr. Det er som ei ny og magisk verd har opna seg for meg. Det er kjekt å jobbe i team med dramaturg, regissør og skodespelarar, eg lærer enormt mykje undervegs. Heldigvis er ein ikkje åleine. Og læringskurva er bratt. Eg er fascinert av den store fridomen som ligg i dramatikken. Alt er mogleg! Det blir spennande å sjå kva som skjer med teksten når han snart skal få liv på scenen.

Les meir om framsyninga Cally her.

FORTALT TIL Ingrid Weme Nilsen. FOTO Siren Høyland Sæther

Emner

Kontakter

Relatert innhold

  • Ingeborg Sundrehagen Raustøl skal gi liv til Det Norske Teatrets teatersjef i krigsåra, Cally Monrad. Foto: Pernille Sandberg.

    Det Norske Teatrets ukjende NS-teatersjef

    Kven var Cally Monrad, kvinna som tok jobben som teatersjef ved Det Norske Teatret under krigen? I sin dramatikardebut diktar Ruth Lillegraven seg inn i tankane hennar. Historia om Cally Monrad svinger seg frå dei store høgder som superkjendis, til eit historisk fall der skammen kasta skuggar over den siste delen av livet. I dag er ho nesten gløymt.