Gå videre til innhold
Nick Payne

Blogginnlegg -

Nick Payne

Dramatikar Nick Payne kom tilfeldig over historia om den forsvunne hjernen til Albert Einstein.

Nick Payne (f. 1984, Storbritannia) er ein av dei nye og spennande dramatikarane vi følgjer med på. Han er blitt kjend for å kombinere samfunnsaktuelle tema, ofte frå vitskapen, med kloke observasjonar av oss menneske. Payne skriv gjerne stykka sine basert på research, intervju med vitskapspersonar eller menneske som har erfaringar med eit tema. Inkognito blei til etter at han tilfeldig kom over historia om patologen som stakk av med Einsteins hjerne. Historia om epilepsipasienten er også basert på verkelege hendingar. I 2012 fekk Nick Payne Evening Standard Theatre Award for beste skodespel. Stykka hans har blitt oppførte både på West End og Broadway, med skodespelarar som Jake Gyllenhaal på rollelista.

Emner

Kontakter

Relatert innhold

  • Ellen Birgitte Winther (Evelyn) og Ola G. Furuseth (Thomas Stolz Harvey)  med Albert Einsteins hjerne. Foto: Dag Jenssen.

    Kan hjernen fortelje kven vi er?

    Visste du at hjernen til Einstein blei stole? I teaterstykket Inkognito møter vi patologen som reiste Amerika rundt med hjernen til Einstein i bagasjen.