Gå videre til innhold
Israels statsminister Yitzhak Rabin, USAs president Bill Clinton og PLOS formann Yasser Arafat ved signering av den offisielle avtalen framføre Det Kvite Hus 13. september 1993. Foto: Gary Hershorn/Reuters / NTB scapix
Israels statsminister Yitzhak Rabin, USAs president Bill Clinton og PLOS formann Yasser Arafat ved signering av den offisielle avtalen framføre Det Kvite Hus 13. september 1993. Foto: Gary Hershorn/Reuters / NTB scapix

Blogginnlegg -

​Optimismens tidsalder

I november 1989 samla store folkemengder seg i gatene i Berlin. Det hadde dukka opp ei moglegheit etter at grensa mellom Ungarn og Austerrike blei opna tidlegare på året. Den rigide grensa mellom Aust- og Vest-Europa var blitt porøs. Plutseleg begynte den tyske folkemengda å rive betongmuren som hadde delt byen i to i nesten 40 år. Berre månader tidlegare hadde den aust-tyske statssjefen Erich Honecker uttala at muren kom til å stå i 50 til 100 år til. No stod han for fall, og vanlege menneske møtte opp med hakke og slegge.

Den dramatiske utviklinga i Berlin var den mest symboltunge starten på ein optimistisk tidsperiode som vi kunne tenke oss. Ikkje berre hadde det europeiske jarnteppet begynte å falle, men i løpet av nokre få år skulle verda bli vitne til ei lang rekke store endringar vi ikkje kunne ha sett for oss berre nokre månader tidlegare.

Jarnmuren raknar

Under den mest intense perioden av den kalde krigen hadde USA frykta ein såkalla dominoeffekt. Dersom eit land blei kommunistisk var det store moglegheiter for at det ville smitte over på nabolanda. Denne frykta førde til ein svært kynisk amerikansk utanrikspolitikk, tidleg kjent som oppdemning. Krigen i Vietnam, bombinga av Kambodsja og Laos, ei lang rekke med kupp i Latin-Amerika og utstrekt støtte til diktatorar verda over, var klassiske varemerke av denne politikken.

Då muren i Berlin blei riven kom den motsette dominoeffekten. I november 1989 braut den ikkje-valdelege «fløyelsrevolusjonen» ut i Tsjekkoslovakia. Etter litt over ein månad med demonstrasjonar, måtte det kommunistiske diktaturet kaste inn handkleet, og Vaclav Havel tok over som president i landet. Året etter blei det gjennomført eit demokratisk val.

Ei liknande utvikling skjedde i store delar av «austblokka». Polen og Ungarn hadde gått igjennom store endringar allereie sommaren 1989. I 1990 blei Tyskland samla til ein stat for første gong sidan den andre verdskrigen. Demokratiske val blei gjennomført i Bulgaria. I desember 1991 rakna også Sovjetunionen og blei løyst opp i sine elleve nasjonale einingar, blant dei Russland og Ukraina. Dette var ei overraskande utvikling. Ikkje berre rakna alle desse austeuropeiske autoritære regima, men overgangen gjekk stort sett fredeleg føre seg. Romania var eit unntak, ved at revolusjonen enda med at Ceaușescu blei avretta.

Den lange marsjen til fridom

Det var ikkje berre i Europa at det skjedde store endringar. 11. februar 1990 gjekk Winnie og Nelson Mandela hand i hand ut porten frå Victor Verster-fengselet. ANC-leiaren Nelson Mandela hadde sete i fengsel i 27 år for kampen sin mot det sørafrikanske apartheidregimet. I løpet av åra i fengsel var han blitt eit internasjonalt ikon. No var han fri.

Mandela helsa den enorme folkemengda med knytt neve – det viktigaste symbolet på fridomskampen. Verdas satt klistra til fjernsynsskjermen og var vitne til denne etterlengta og historiske augneblinken. For aktivistar over heile verda var dette ein draum som endeleg blei oppfylt. For Mandela var det starten på ei ein lengre forhandlingsperiode. Fatta sette han seg inn i ein bil og blei køyrd til Cape Town, der forhandlingane om eit nytt Sør-Afrika kunne ta til. Fire år seinare møtte millionar opp og røysta i det første demokratiske valet i Sør-Afrika. Nelson Mandela, som hadde vore i fengsel i ein mannsalder, blei vald til president i landet. Den kvite rasiststaten var blitt erstatta av regnbogenasjonen.

Mandela, og Sør-Afrika, sin lange marsj til fridom var krona på verket i eit halvt hundreår med afrikansk frigjering. Optimismen kan ha vore overdriven. Det afrikanske kontinentet har sidan den gongen opplevd ei lang rekke krigar og det står att en del på demokratiseringsfronten, men symboleffekten av apartheids fall kan vi vanskeleg overdrive.

Alt var mogleg

Det var lett å sjå korleis optimismen kunne gå over stokk og stein. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama postulerte til og med at dette var historias slutt. At no hadde det liberale kapitalistiske systemet vunne og at det ikkje lenger var grunn til ideologisk konflikt.

Dette var den unilaterale augneblinken, og verda låg for vesten sine føter. Då Irak invaderte Kuwait i august 1990, stabla USA ein usannsynleg allianse på beina. Alliansen bestod av USA, USAs vestlege allierte og store delar av den arabiske verda. Koalisjonen hadde også ein resolusjon frå FN i ryggen. Dette hadde tidlegare vore umogleg grunna Sovjetunionen sitt veto i Tryggingsrådet. Den tida var over. I løpet av januar-februar 1991 blei den irakiske hæren til Saddam Hussein kasta ut av Kuwait gjennom overveldande maktbruk.

Hausten 1991, etter å ha sigra over Irak, samla USAs president George H. W. Bush alle dei relevante partane til ein storstilt fredskonferanse i Madrid. Heile den arabisk-israelske konflikten skulle løysast. Rundt bordet satt leiarane frå Israel, Syria, Jordan og Libanon samt både USA og Sovjetunionen. Sovjetunionen var inne i sine siste dagar, men her samarbeidde dei altså med USA om å lage fred. Dette var ei heilomvending frå den kalde krigen, då dei to supermaktene hadde kvar sine allierte i ein regional konflikt.

Palestinarane hadde ikkje ein eigen delegasjon i Madrid, men dei fekk lov til å vere del av den jordanske delegasjonen så lenge dei ikkje formelt var medlemmar av PLO. Delvis på grunn av dette enda Madrid-konferansen opp utan noko gjennombrott. Det var derfor den hemmelege Oslo-kanalen blei oppretta – for å opne direkte kontakt mellom PLO og Israel. Det er likevel verd å hugse på kva slags optimisme Madrid-konferansen gir uttrykk for. Sovjetunionen og USA stod saman om å lage fred mellom statar som hadde vore i krig i nesten eit halvt hundreår. Dette vitna om ei internasjonal haldning som tilsa at alt dette var mogleg. 

TEKST Jørgen Jensehaugen, seniorforskar PRIO

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge