Gå videre til innhold
Kristoffer Olsen og Frank Kjosås har hovudrollene som misjonærane Eldste Cunningham og Price i musikalen The Book of Mormon. Foto: Eirik Malmo.
Kristoffer Olsen og Frank Kjosås har hovudrollene som misjonærane Eldste Cunningham og Price i musikalen The Book of Mormon. Foto: Eirik Malmo.

Blogginnlegg -

​Sensasjonen frå Broadway til Oslo

Den beste musikalen i dette hundreåret, skreiv The New York Times etter at gutta bak South Park brakdebuterte med musikalen The Book of Mormon på Broadway i 2011. No landar suksessen i Oslo etter seks år med fulle hus i New York og London.

TEKST Ida Michaelsen

- The Book of Mormon er boka du ikkje visste du ville elske, seier Frank Kjosås som har kapra ein av dei ettertrakta rollene i stykket. Musikalen, som over natta blei ein sensasjon, har sprengt alle grenser for kva ein tøyse med. Men Trey Parker og Matt Stone gjer det på ein smakfull og intelligent måte og kjem unna med det meste. Til og med det meir eksplisitte språket. Her blir ingen eller ingen ting spart.

Umake par

To unge mormonarar skal på sitt første misjonsoppdrag. Rett frå vidaregåande og ein trygg og beskytta oppvekst i Utah, USA, går turen til det krigsherja og sultprega Uganda (som også strir med AIDS.) Kulturkrasjen kunne knapt ha vore større. Eldste Price er den amerikanske draumeguten, som med sitt perfekte ytre og sin lytefrie oppførsel har surfa gjennom livet, populær og omsverma. Han kan sin bibel, eller Mormons bok om du vil, og er overtydd om at han kan frelse heile verda. Han meiner han vil gjere det så godt at sjølv Gud blir imponert. Eldste Cunningham derimot er ein nerd og ein mammadalt som har fått sydd puter under armane gjennom heile oppveksten. Han diltar etter, er ikkje av den kule sorten og nok inst inne ikkje den Price ville ha føretrekt som kompanjong. Cunningham har eit vagt forhold til Mormons bok, han er langt meir inne i Star Wars og har eit omtrentleg forhold til framgangsmåten som mormonarkyrkja har godkjent for misjonsoppdrag.

Frank Kjosås er Eldste Price, den amerikanske draumeguten, medan Kristoffer Olsen er Eldste Cunningham, den forkjælte nerdeguten. Saman skal dei på eit umogleg misjonsoppdrag i Uganda.

Med andre ord – det er kanskje ikkje den mest samkøyrde duoen som landar i Afrika. I møtet med elendigheita og utfordringane viser dei to unge gutane andre sider av seg sjølve, og opphaldet vil på sett og vis endre dei begge. The Book of Mormon er ikkje berre ein hysterisk harselas med religion, frelse og tøysete læresetningar og trusspørsmål. Det er òg ei coming of age-historie, der opplevingane i dette utsette samfunnet fører til ei oppvakning for begge unggutane.

Vil ikkje gjere narr

«Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion» har skaparane avThe Book of Mormonkalla musikalen.

- Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane.Vi bruker mormonarar til å seie noko om religion meir generelt, fortel dei i eit intervju med Theatre Talk. - The Book of Mormon seier ikkje berre noko om korleis religion kan få folk til å tru på sjølv det mest utrulege, stykket viser også korleis religionar utviklar seg. Det er kanskje litt fornærmande, men ikkje kynisk. Musikalen peikar mot optimisme og mot å ha det gøy.

Vidar Magnussen debuterer som regissør

At det er gøy, er noko Vidar Magnussen kan seie seg einig i. Komikaren og skodespelaren skal debutere som regissør på The Book of Mormon, ei oppgåve han går til med glede. 

Komikar og skodespelar Vidar Magnussen har regi. Han meiner dette er noko av det vittigaste og mest intelligente som er blitt skrive i nyare tid.

- Kvar person eg har møtt, fortel ei nesten identisk historie som den eg sjølv fortel om opplevinga mi etter å ha sett The Book of Mormon. Der satt eg, med ein 14-åring på venstre sida av meg og ein 70-åring på høgre. Gjennom to timar skrattlo vi alle saman. Alle lo frå botnen av magen. Det er ei oppleving eg aldri har hatt før. Og eg trur det berre skjer ved eit par skotårstilfelle, når nokon lagar ein perfekt komedie. Den treffer alle. Det blir ikkje betre enn dette, seier han. For å omsette dei språklege finessane, for ikkje snakke om grovheitene, og den kjappe replikkvekslinga, har teateret hyra inn Are Kalvø, som ikkje er ukjend med satire, men som må hente fram eit vokabular han nok ikkje nyttar i det daglege. – Mange originale utfordringar i manus, men no har jo mange nordmenn begynt å banne på engelsk. Da kan du jo seie ord som føkk på norsk, heldigvis, det løyste ganske mykje, seier han om arbeidet med omsetjinga.

Are Kalvø er ansvarleg for den norske versjonen av The Book of Mormon. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Frå skaparane av South Park

Matt Stone og Trey Parker er kjende som bakmennene for South Park. Mindre kjent er det at dei sidan gutedagane har bore på ein draum om å lage den perfekte musikalen. Dei har kjent kvarandre sidan ungdomsåra og gjekk på skole saman med mange mormonarar. Kva ville vel ha vore meir moro enn å skape ein musikal som tok for seg dei fantasirike og merkelege historiene dei hadde høyrt frå vennene sine i trussamfunnet? For dei som kjenner South Park-universet, veit at dei ikkje lar ein sjanse gå forbi for å smette inn litt mormon-humor. <

Kompisane Trey Parker og Matt Stone har hatt stor suksess med teikneserien South Park sidan starten i 1997. Foto: Comedy Central.

- Mormonarar er lette å like, seier dei i intervjuet med Theatre Talk. – Dei er fasinerande, vennlege og har humor. For ein utanforståande verkar dei både glade og lykkelege, samstundes som religionshistoriene deira er nokså merkelege. Viss ein først skal harselere med folks religion, må ein jo presentere dei på ærleg vis.

Robert Lopez (t.v.), Trey Parker og Matt Stone poserer ved Eugene O´Neill Theatre i New York ved Broadway-premieren i 2011. Foto: Stephen Lovekin/Getty Images.

Guddommeleg drahjelp

Somme gonger kan ein nesten tru at den mormonske engelen Moroni har trekt i nokre av trådane. Ved eit tilfelle møtte Parker og Stone komponisten Robert Lopez. Han er ein jamngamal, framgangsrik og prisvinnande fyr med stort nettverk på Broadway. Mest kjend er han kanskje for musikken i Frost (Frozen). Dei viste seg å vere inspirerte av kvarandre, og på spørsmål om kva eller kven Lopez ville lage den neste musikalen sin om, var svaret Joseph Smith, den karismatiske grunnleggaren av mormonarrørsla. Samantreffet var for utruleg til å la ligge. Det blei ein sein kveld. Lopez la ut om korleis han såg for seg eit show om religion som var spekka med humor og der latteren ville bygge seg opp rundt dei utrulege religiøse historiene og mirakla. Dei bestemte seg for å prøve det ut. Det skulle gå mange år og mange rundar før dei hadde landa på ei forteljing som ville gi den gode Broadway-kjensla med temperatur, kjensler og ei god gammaldags kjærleikshistorie. Valet fall på misjonærane. På den måten religionen utfaldar seg i dag, og på estetikken som mormonarrørsla forfektar.

Disney-inspirert

- Det estetiske i mormonarkyrkja harmonerer så perfekt med musikalteateret at du på ti sekund er med på tanken om at dei sjølvsagt skal danse og synge, seier Matt Stone i eit intervju etter premieren i London. Ingen av dei tre klarer å la vere å le av det teatralske og høgtidsstemte over retorikken og estetikken i mormonarrørsla. At den bibelske tidsrekninga også gjeld i 1827 når Joseph Smith grunnlegg religionen. At tempelet deira i den heilage byen Salt Lake City til forveksling er likt slotta hos Disney. Og at Edens Hage ligg i Jackson Missouri. At ein som mormonar i tillegg er pålagd å reise med ein partnar på misjonsoppdrag, erstattar den klassiske Broadway-kjærleikshistoria.

Mormonar-tempelet i Salt lake City liknar til forveksling eit Disney-slott.

The Book of Mormon er spekka med referansar til musikalhistoria. Her er det vel å merke ingen parodiar, berre ei endelaus rad av hyllingar. Stykket viser til andre verk og gjer det større enn det er. Her får dei som elskar musikalar sitt. Det same gjeld for dei som elskar popkultur, oppsøker satire, er opptatt av samfunnskritikk, er skeptiske til religion eller dei som berre vil ha rein underhaldning.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge