Gå videre til innhold
​​TORALV MAURSTAD, SKODESPELAR

Blogginnlegg -

​​TORALV MAURSTAD, SKODESPELAR

Eg ser fram mot å bryne meg på denne gamle kjenningen, seier Toralv Maurstad, som skal spele Peer Gynt.

Første gongen eg var med i Peer Gynt var som 7-åring på Nationaltheatret, som Trollungen. Men eg har spelt han både som ung og midt i livet. No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før. Peer som yngre vil bli spelt av dei andre i ensemblet, men heile tida sett frå den gamle sin ståstad.

Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har in alt for frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Skil vi alle kanskje er budd på.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Eirik Malmo

Related links

Emner

Kontakter

Relatert innhold

  • Toralv Maurstad som den gamle Peer, som ser tilbake på livet han har levd. Foto: Stig Håvard Dirdal.

    Peer Gynt ser tilbake på livet

    Må Peer Gynt i støypeskeia? Når Toralv Maurstad igjen står på scenen som Peer Gynt, er det som den gamle Peer.