Gå videre til innhold
Det Norske Teatrets Preben Hodneland, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Kristoffer Olsen er alle tre nominerte til Beste skodespelar i ulike kategoriar.
Det Norske Teatrets Preben Hodneland, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Kristoffer Olsen er alle tre nominerte til Beste skodespelar i ulike kategoriar.

Nyhet -

8 Hedda-nominasjonar til Det Norske Teatret

Heile 8 Heddapris-nominasjonar er ei stadfesting av at Det Norske Teatret har lagt bak seg ein sterk sesong der mange har utmerkt seg både på og bak scenen i svært ulike produksjonar.

Det var ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby som tok imot nyheitene om alle nominasjonane til Det Norske Teatret. Han synest det er stor stas at teatret nok ein gong får eit stort tal nominasjonar som spreier seg over heile repertoaret. - Det er ikkje ei framsyning som stikker av med alle nominasjonane, dei er fordelte over alle dei tre scenene våre, på framsyningar for barn og unge, på stort musikkteater på Hovudscenen, på moderne samtidsdrama på dei mindre scenene, på kvinner og menn og dei som står for det kunstnarlege men ikkje står på scenen sjølve, seier han, og legg til: - Dette fortel nok ein gong om høg kvalitet i alle ledd og i alle faggrupper. 

Mellom prisane Det Norske Teatret er nominert til, er prisene for Beste kvinnelege/mennlege skodespelar i tre kategoriar.
- For eitt år sidan var eg ein liten fisk i eit stort London-hav. I dag kjenner eg meg som ei stor gjedde i eit barnebasseng, seier Kristoffer Olsen, som er nominert til Heddapris for Beste mannlege skodespelar/hovudrolle for rolla som Arnold Cunningham i The Book of Mormon. Han har alt rukke å drikke åtte koppar kaffi, og vidare i dagen skal han feire nominasjonen med allmøte på Det Norske Teatret, prøver på The Book of Mormon og å legge seg tidleg.

Ingeborg Sundrehagen Raustøl er nominert til Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle for tolkinga av Det Norske Teatrets sjef under andre verdskrigen; Cally Monrad: - Eg er veldig glad og takknemleg for nominasjonen, men eg kjenner at eg deler prisen med dei andre skodespelarane, dette er jo verkeleg eit ensemblestykke. Det tok meg lang tid å gi karakteren menneskelegheit, ho har jo ei historie vi ikkje er så stolte av. Så det kjennest veldig godt å få anerkjenning av at vi har klart å gi henne eit grundig portrett.

Preben Hodneland er nominert til Beste mennlege skodespelar/medspelar for rolla som Eldste McKinley i The Book of Mormon: - Eg synest det er ekstra gøy å få ein klapp på skuldra for å gjere ting eg eigentleg ikkje kan, som for eksempel å steppe, som eg har måtta lære meg. I tillegg er det stas å vere nominert i lag med medskodespelar Kristoffer Olsen. Det er rett og slett ei stor ære ein ikkje tør å håpe på.

Kven som stikk av med dei gjeve teaterprisane blir avgjort kvelden 17. juni under Heddaprisutdelinga på Oslo Nye Teater.

Det Norske Teatret er nominert til Heddaprisen for:

- Årets framsyning: The Book of Mormon
- Beste framsyning for ungdom: Utafor
- Beste mannlege skodespelar/hovudrolle: Kristoffer Olsen for rolla som Arnold Cunningham i The Book of Mormon
- Beste Kvinnelege skodespelar/hovudrolle: Ingeborg Sundrehagen Raustøl for rolla som Cally Monrad i Cally
- Beste mannlege skodespelar/medspelar: Preben Hodneland for rolla som Eldste McKinley i The Book of Mormon
- Beste regi: Kjersti Horn for Valdens historie
- Årets scenetekst: Are Kalvø for omsetjinga av manuset til The Book of Mormon
- Beste audiovisuell design: Elisabeth Nesset, Alf Lund Godbolt, Vibeke Blydt-Hansen og Norunn Standal for Antigone


Oversyn over alle dei nominerte på Heddaprisens eigne nettsider

Oversyn over alle framsyningar på Det Norske Teatret under Heddadagane

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

  • The Book of Mormon
    The Book of Mormon
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4539 x 3026, 4.53 MB
    Last ned
  • Utafor
    Utafor
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2500 x 1667, 1.97 MB
    Last ned
  • Kristoffer Olsen
    Kristoffer Olsen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6367 x 4249, 9.88 MB
    Last ned
  • Ingeborg Sundrehagen Raustøl
    Ingeborg Sundrehagen Raustøl
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4928 x 3280, 10.1 MB
    Last ned
  • Preben Hodneland
    Preben Hodneland
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4912 x 7360, 11 MB
    Last ned
  • Valdens historie - Kjersti Horn
    Valdens historie - Kjersti Horn
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4928 x 3280, 7.08 MB
    Last ned
  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 5113, 10.2 MB
    Last ned
  • Elisabeth Nesset,  Alf Lund Godbolt, Vibeke Blydt-Hansen og Norunn Standal for Antigone
    Elisabeth Nesset, Alf Lund Godbolt, Vibeke Blydt-Hansen og Norunn Standal for Antigone
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4882 x 3487, 4.36 MB
    Last ned
  • Preben Hodneland, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Kristoffer Olsen
    Preben Hodneland, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Kristoffer Olsen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1728 x 1232, 1.15 MB
    Last ned