Gå videre til innhold
Svært mange skolar har meldt interesse for å sjå popmusikalen Snøkvit gjennom OBOS´ billettfond.
Svært mange skolar har meldt interesse for å sjå popmusikalen Snøkvit gjennom OBOS´ billettfond.

Nyhet -

Billettfond-suksess

Enorm interesse for nytt samarbeidsprosjekt mellom OBOS og Det Norske Teatret som gir gratis billettar til skolebarn.

Det Norske Teatret og OBOS har inngått eit samarbeid som har resultert i eit "billettfond", der teaterbillettar skal bli fordelte på skoleklassar i Oslo. Klassene skal søke innan 10. september, da vil det gå føre seg ei trekking der det blir klart kven som får høve til å gå får å sjå den nyskrivne musikalen Snøkvit på Det Norske Teatrets Hovudscene. Prosjektet har hausta enorm interesse frå lærarar over heile byen.

Les meir om billettfondet

TEATER FOR ALLE

Gratisprinsppet i skolen fører til at ikkje alle barn får høve til å oppleve kultur utanfor det Den kulturelle skolesekken tilbyr. OBOS og Det Norske Teatret ønskjer å gjere noko med dette. OBOS støttar allereie fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid, og har som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge gjennom OBOS gir tilbake. - Det er viktig at barn får sjansen til å oppdage scenekunst. Dette er ein moglegheit til det, utan at det kostar noko for elevane, fortel Hege Irene Asplund, sponsorrådgivar i OBOS.


NYNORSK OG TEATER

Det Norske Teatret vil vere med på å gi barn i barne- og ungdomsskolen gode kulturopplevingarog eit positivt møte med nynorsken. Samarbeidet med OBOS er med på å realisere dette. For mange inneber eit besøk til Det Norske Teatret eit første møte med nynorsk, og med teater, for den del. - Dessutan får ein sosial trening av å gå i teateret, seier Kirsti Ervik ved Det Norske Teatret. 

Les meir om Snøkvit

Emner

Kategorier

Kontakter