Gå videre til innhold
Odin (Henrik Rafaelsen) og Volva (Gjertrud Jynge) i Edda. Foto Lesley Leslie-Spinks.
Odin (Henrik Rafaelsen) og Volva (Gjertrud Jynge) i Edda. Foto Lesley Leslie-Spinks.

Nyhet -

Edda-premiere i Danmark

Edda får Danmarkspremiere i morgon. Århus er Europeisk kulturhovudstad i 2017, og framsyninga er ein av hovudattraksjonane.

Det vil i åra framover vere ei prioritert oppgåve for Det Norske Teatret å vise seg fram på dei viktigaste arenaene og samarbeide med dei leiande kunstnarlege kreftene internasjonalt. Kunst blir ofte skapt i møte mellom ulike uttrykk og kulturar, noko Robert Wilsons Edda er eit synleg eksempel på: Vår gamle gudelære møter ein moderne regi, uttrykk og musikk frå eit anna kontinent. - Det blir spennande å sjå korleis eit dansk publikum reagerer på vår framstilling av dei gamle gudane, seier ein engasjert teatersjef Erik Ulfsby. I Noreg fekk framsyninga terningkast 5 i Aftenposten, Dagsavisen og Dagbladet, som meldte at «Endetiden er nær, og den er storslagen».

Også i dansk presse er forventningane høge:

Verdenskendt instruktør vækker Asgårds gamle guder til live på Aarhus Teater

Dramatiker Jon Fosse:»Eddadigtene er faktisk som små dramatiske tekster med replikker« 

Edda 
Edda er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda - dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet - men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke. Den danske avisa Politiken skriv denne veka at «Jon Fosse og Robert Wilsons opsætning af ’Edda’ byder på en billedstorm af den anden verden». For dette er teater som dyrkar teatrets eigenart til fulle. Wilson er kjent for sine stiliserte og konsentrerte sceniske allkunstverk der lys, scenebilde og musikk går opp i ei høgare eining. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. Referansane i oppsetjinga er mange, og Det Norske Teatret er stolt over å kunne invitere til ei teateroppleving av dei sjeldne.

Les meir på Aarhus Teaters eigne nettsider.

Emner

Kategorier

Kontakter

  • Frode-Winther-som-Tor-med-hammar-i-Edda2
    Frode-Winther-som-Tor-med-hammar-i-Edda2
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    700 x 395, 33.4 KB
    Last ned