Gå videre til innhold
Gjennom "OBOS gir tilbake" får skolebarn moglegheit til å oppleve kultur dei kanskje elles ikkje ville ha gjort. Foto: Siren Høyland Sæter.
Gjennom "OBOS gir tilbake" får skolebarn moglegheit til å oppleve kultur dei kanskje elles ikkje ville ha gjort. Foto: Siren Høyland Sæter.

Nyhet -

OBOS billettfond inviterer skolar til sjokoladefest

Ved hjelp av OBOS billettfond har rundt 1500 skoleelevar vunne gullbilletten og ein tur til verdas mest kjente sjokoladefabrikk. På Det Norske Teatret opna sjølvaste Willy Wonka ei skattekiste av ein fabrikk, så rik, smakfull og fargerik at det ein fryd, i haustens storsatsing Charlie og sjokoladefabrikken.

- Det er gledeleg å sjå responsen på OBOS Billettfond, og talet på klassar som vil på teater, seier sponsorrådgjevar Hege Irene Asplund i OBOS.
- Samstundes er det leit at vi ikkje kan gi billettar til alle klassene som ønska seg det. Vi kan derimot love at det kjem nye framsyningar som vil bli delte ut på eit seinare tidspunkt. Ein by med eit rikt kulturliv er ein god stad å bu. Dette skal OBOS bidra med, lovar ho.

Gratisprinsippet i skolen fører til at ikkje alle barn får høve til å oppleve kultur utanfor det Den Kulturelle Skolesekken tilbyr.

- OBOS og Det Norske Teatret ønskjer å gjere noko med dette, seier teatersjef Erik Ulfsby, som gler seg til å fylle teatersalen med skoleelevar. – Dette er med på å bygge morgondagens publikum. Eit besøk på Charlie og sjokoladefabrikken blir ei sterk oppleving og det å kunne møte levande kunst og kulturuttrykk er viktig for denne aldersgruppa. OBOS Billettfond er eit viktig bidrag til å lære teateret å kjenne, meiner teatersjefen.

OBOS støttar allereie fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid, og har som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge gjennom OBOS gir tilbake.

Emner

Kategorier

Kontakter