Gå videre til innhold
Gaute Adela Aastorp Cudjoe har rolla som Jamal i teaterversjonen av Tante Ulrikkes vei, den første framsyninga som blei produsert og hadde urpemirere på Rommen Scene. Foto: Dag Jenssen.
Gaute Adela Aastorp Cudjoe har rolla som Jamal i teaterversjonen av Tante Ulrikkes vei, den første framsyninga som blei produsert og hadde urpemirere på Rommen Scene. Foto: Dag Jenssen.

Nyhet -

Rekordår – igjen!

Det Norske Teatret har lagt bak seg nok eit eventyrleg år.

2019 er summert opp og heile 280 016 publikummarar fann vegen til Det Norske Teatret. Heile 242 838 i eige hus, det høgaste talet nokon sinne. Med dette publikumstalet tangerer teateret nesten rekordtalet frå 2018 som låg på 281 726. Berre drygt 1600 publikummarar skil 2019 frå 2018.

På inntektsida kan Det Norske Teatret notere seg for ein ny rekord. Heile 74,5 millionar i inntekt mot 65 millionar året før. Igjen ser vi at publikum sluttar opp om arbeidet vårt som aldri før. Det er utruleg gledeleg og ein sterk inspirasjon for alle som jobbar her.

Teatersjef Erik Ulfsby har grunn til å vere nøgd med fjorårets publikumstal. Foto: Mimsy Møller.

GODT BESØKT OG KUNSTNARLEG AMBISIØST

-Besøket er svært høgt og stabilt, seier teatersjef Erik Ulfsby. - Og aldri har vi seld fleire billettar i eige hus enn i fjor. Vi gler oss over høge tal og stabil tillit. Det som er ekstra oppløftande, er at det høge besøket kjem i ein periode der vi også satsar kunstnarleg utfordrande på alle scenane våre.

SATELITTSCENE PÅ ROMMEN

Våren 2019 etablerte Det Norske Teatret seg i Groruddalen med fast spelestad på Rommen Scene. I januar opna vi med Blokk til Blokk, og haustens store urpremiere på Tante Ulrikkes vei, la eit solid grunnlag for bydelsscenen som nærast hadde fullt belegg i fjoråret. Heile 12 738 publikummarar fann vegen til Groruddalen i regi av Det Norske Teatret.

Liveoverført samtale med forfattar Zeshan Shakar og regissør Victoria Meirik i forkant av urpremieren av Tante Ulrikkes vei på Rommen Scene.

Det Norske Teatret ønsker å vere med å styrke identiteten til Groruddalen og det gjer vi ved å ta i bruk dei sterke kreftene som finst der. Rommen Scene er eit godt utgangspunkt for å drive erfaringsutveksling, og fleire prosjekt har vore prøvd på scenen, andre er under utarbeiding. 

DEN FØRSTE INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN

Hausten 2019 markerte Det Norske Teatret 25 årsjubileet for Jon Fosses debut som dramatikar med Den internasjonale Fossefestivalen. I løpet av 10 dagar i september dominerte Fosses verk alle scenane på teateret gjennom eigenproduksjonar og internasjonale gjestespel. 

Madalena Sousa Helly-Hansen og Christian Kallum i dramatiseringa av Jon Fosses storverk Trilogien på Hovudscenen. Foto: Erik Berg.

Teateret inviterte den leiande europeiske regissøren Luk Perceval til å setje Trilogien i scene på Hovudscenen. Stykket blei ein kunstnarleg triumf og blei invitert til Frankfurt i samband med bokmessa i november.

OSLO som tok for seg den hemmelege kanalen for fredsforhandlingane i Midtausten og Dottera om barnet som står mellom to familiar var to andre stykke som prega Hovudscenen i 2019.

SATSING PÅ BARNETEATER

Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken var framsyninga som framfor alle sette heile teaterhuset i sving. Inga anna framsyning har dette året vore meir utfordrande for dei mange fagfolka på verkstadene ved teateret enn Charlie. Det har vore ein stor ambisjon å gi barna estetiske opplevingar som går langt ut over den underhaldninga dei får gjennom andre kanalar. I framsyningar som Charlie og sjokoladefabrikken får det oppveksande publikum møte landets aller beste skodespelarar, musikarar og teaterfagfolk. 

Scenografien, kostyma og rekvisittane til Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken testa grensene for kva teaterhuset er i stand til å produsere. Foto: Eirik Berg.

Det er eit møte med kunsten vår som kan prege dei for resten av livet. Vi skal – nettopp fordi vi er statsstøtta – vere ambisiøse på vegner av alle. Også dei av publikummet vårt som vil gå på musikal saman med ungane. Og det til ein pris som ikkje er avskrekkande. Charlie står framleis på repertoaret og trekker fulle hus.

Emner

Kategorier

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge