Gå videre til innhold
Kristoffer Olsen er eldste Cunningham og Frank Kjosås er eldste Price. Foto: Eirik Malmo.
Kristoffer Olsen er eldste Cunningham og Frank Kjosås er eldste Price. Foto: Eirik Malmo.

Nyhet -

Skal ha hovudrollene i The Book of Mormon

Frank Kjosås og Kristoffer Olsen skal spele dei to hovudrollene i neste års musikal-sensasjon på Hovudscenen; The Book of Mormon.

The Book of Mormon er musikalen alle har ønska seg til Det Norske Teatret, og no byrjar den endeleg å ta form. Vidar Magnussen står for regien, og no er det altså klart at Frank Kjosås og Kristoffer Olsen skal ha dei to hovudrollene. 


Frank Kjosås skal spele eldste Price, den "perfekte" mormonaren som drøymer seg til Orlando i Florida når han skal ut i verda for å misjonere for trua si. Kristoffer Olsen skal vere eldste Cunningham, kompanjongen hans. Ein påtvungen besteven og medmisjonær. Han er skjemt bort av mor si, og har ein fantasi som ganske ofte løper løpsk. Det skal kome til å redde dei begge på deira første misjonstur – som går til det krigsherja Uganda. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og meir kvardagslege plagar som mark i skrotum. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

FRANK KJOSÅS OG KRISTOFFER OLSEN

Frank Kjosås er kjend for dei fleste gjennom TV-seriar som Halvbroren og Kampen om tungtvannet, forutan store musikalroller i Jesus Christ Superstar, Evita, Hair, Sweeney Todd og Tenk om ved Det Norske Teatret.
Kristoffer Olsen er mindre kjend for norsk publikum - han er utdanna i England og bur og arbeider som musikalartist i London. I 2014 spelte han klokka i Skjønnheten og udyret på Christiania Teater - det som ein gong var Det Norske Teatret.

THE BOOK OF MORMON

The Book of Mormon er ein overraskande og satirisk musikal om religion generelt, og Mormons Kirke av Siste Dagers Hellige spesielt. Den har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.

Premieren er 2. september 2017.

Related links

Emner

Kontakter

  • Logo The Book of Mormon
    Logo The Book of Mormon
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1680 x 949, 138 KB
  • Kristoffer Olsen
    Kristoffer Olsen
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3177 x 4412, 5.33 MB
  • Frank Kjosaas
    Frank Kjosaas
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1700 x 2362, 1.6 MB
  • Eg og du - Frank Kjosås og Kristoffer Olsen
    Spill av video
    Eg og du - Frank Kjosås og Kristoffer Olsen
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .mov
    Lengde:
    3:05