Gå videre til innhold
Stenger til over påske

Nyhet -

Stenger til over påske

Det Norske Teatret har beslutta å stenge ned verksemda i Kristian IVs gate og på Rommen Scene fram til etter påske.

Den nasjonale dugnaden for å hindre vidare smitte krev slike tiltak. Det inneber at alle framsyningar og arrangement er avlyste. Vi kjem sterkt tilbake når dugnaden er over! Alle som har billett vil bli kontakta. Hald deg oppdatert på Facebook- og nettsida vår.

Emner

Kategorier

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge