Gå videre til innhold
12 millionar til Det Norske Teatret

Pressemelding -

12 millionar til Det Norske Teatret

Det Norske Teateret har i dag fått ei gledeleg ekstraløyving på 12. millioner kroner.

Direktør Hans Antonsen uttalar i samband med dette:

- Vi er glade for at kulturminister Abid Raja og regjeringa ser den vanskelege situasjonen Det Norske Teatret og andre kulturinstitusjonar er i. Ekstraløyvinga på 12 millionar i dag gjer at vi kan satse som leiande teater og fyrtårn for nynorsken i haust óg. Det blir teater for fullt, trass alt!

Det er viktig å spele teater når samfunnet er i krise, sjølv om smitteverntiltak kan gjere det vanskeleg. Behovet for ekstraløyvingar kan derfor snart vise seg å bli vesentleg større enn den pakka som er lagt fram i dag, sjølv om den er ein god start. Det er bra at kulturministeren stiller seg open for at det kan bli nødvendig med meir.

I tillegg til å ha permittert tilsette 80%, har Det Norske Teatret kutta kostnader kraftig for å komme gjennom 2020. Vedlikehald og investeringar er på eit minimum, og det er ikkje bærekraftig. VI håper derfor på god dialog med både Kulturdepartementet og Stortinget i tida som kjem.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter