Pressemelding -

Årets beste skolerevy på Det Norske Teatret

Da er dommen falle, og juryen har talt: Blindernrevyen OSLO er årets beste skolerevy!

ÅRETS SKOLEREVY: BLINDERNREVYEN -
OSLO
TORSDAG 24. APRIL KL. 17.30 OG 20.30
HOVUDSCENEN

Kvart år legg hundrevis av skoleelevar ned hundrevis av timar for å lage den aller beste revyen. Ei stor gruppe dedikerte elevar set alt anna på pause, for å gi publikum eit show dei seint vil gløyme. Det er beinhardt arbeid, blodslit, skyhøge ambisjonar og masse engasjement. Revykavalkaden bidreg til å løfte fram talentet som bur i alle skolerevyane - og under finalen får dei beste revyane vist seg fram.

I går blei det klart at vinnaren av Årets skolerevy er Blindernrevyen, og den 24. april kan du oppleve revyen på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Related links

Emner

  • Teater

Kategorier

  • teater


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter