Gå videre til innhold
Årsmøte i Det Norske Teatret

Pressemelding -

Årsmøte i Det Norske Teatret

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 29. april.

Året i tal
Kort oppsummert viser tala for 2022 eit besøkstal på 182 092 (73 385 for 2021). Samla billettinntekter var på 49,9 millionar kroner ( 11 i 2021).

Grunna høge straumprisar og ei generell kostnadsauke fekk teateret eit negativt årsresultat på 7,7 millionar kroner (1,4 millionar kroner i 2021).
- Det er imponerande korleis Det Norske Teatret har møtt utfordringane i dette gjenopningsåret. Dei tilsette har vist stor omstillingsevne og funne gode løysingar på både planlagde og meir spontane  prosjekt. Og kunstnarleg har teateret vist slåande styrke! Styret er viss på at Det Norske Teatret står støtt både i gode, og i vanskelege og uføreseielege tider. For med 2022 kom nye kriser som også har innverknad på verksemda til teateret, seier styreleiar Hilde Barstad.
– Høge straumprisar og auka kostnader har også påverka resultatet for Det Norske Teatret.

Eit kunstnarleg sterkt år
Det heile kjennest kanskje som fjern fortid no, men ved inngangen til 2022 var kulturlivet framleis underlagt inngripande restriksjonar som gjorde at store delar av første kvartal gjekk for lågt turtal. I tillegg var forsalet naturleg nok så godt som fråverande, og publikumsvanane hadde endra seg markant da ordinær drift igjen var mogleg. Likevel kan Det Norske Teatret sjå tilbake på eit år fylt av kunstnarlege sigrar.

- Vi har tatt mange store kunstnarlege sjansar i 2022. Å svare på ei krise som koronaepidemien er ikkje enkelt. Skal ein programmere meir «sikre» titlar, legge seg på ei meir folkeleg linje, og unngå dei mest risikofylte prosjekta? Eller skal ein tore enda meir? Det Norske Teatret satsa djervt og la opp til eit teaterår med skyhøge kunstnarlege ambisjonar. Vi fira ikkje på noko, tvert om, og vann stort på det, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Både kollektive og einskilde prestasjonar har vore med på å plassere 2022 som eitt av dei meir kunstnarleg sterke åra nokon sinne. Tid for glede opna Hovudscenen med eit brak. Framsyninga var som eit svar på alt vi ønskte oss etter fleire år i isolasjon. Glede fekk strøyme fritt, og salen blei fylt til randen av begeistra publikum. Vesaas-jubileet vart markert med Luk Perceval si nytolking av Fuglane 25 år etter den nærast segnomsuste framsyninga frå 1997. Into the Woods presenterte eit songsterkt ensemble i toppform. Kristin Lavransdotter, med ei ugløymeleg Sara Khorami i tittelrolla, har fått eit stort publikum til å gløyme tid og lengd i ein over 8 timar lang maraton. Og ved årets slutt blåste Snøsøstera liv i teatermagien og samla fleire generasjonar i teatersalen –  alt dette berre på Hovudscenen. 2022 blir ståande som eit minnerikt teaterår ved Det Norske Teatret.

Styret

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Hilde Barstad (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar, attvald for 2 nye år), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Rettedal, Lasse Kolsrud og Åshild Mjelde Nordås.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Støttemarkering ved Det Norske Teatret
    Støttemarkering ved Det Norske Teatret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5655 x 3763, 9.34 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 10.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 25.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Framsyningsfoto Kristin Lavransdotter
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 6048, 8.68 MB
    Last ned
  • Tidlege foto frå prøvar på Snøsøstera
    Tidlege foto frå prøvar på Snøsøstera
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 3481, 3.87 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Snøsøstera
    Framsyningsfoto Snøsøstera
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4991, 6.35 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Snøsøstera
    Framsyningsfoto Snøsøstera
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4884 x 3726, 4.8 MB
    Last ned