Pressemelding -
Årsmøte ved Det Norske Teatret
Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 27. april.
Året i tal
Kort oppsummert viser tala for 2023 eit besøkstal på 190 242 (182 092 for 2022). Samla billettinntekter var på 50,6 mill kroner (49,9 mill i 2022).
Styret ved Det Norske Teatret konstaterer at det òg i 2023 var rikeleg med prestasjonar og produksjonar på høgste nivå ved teateret. Publikumsmessig vart det etter kvart også eit godt år og totalt plasserer 2023 seg i det øvre laget i teateret si historie. Men økonomisk må 2023 diverre også reknast som eit rekordår, og då i negativ forstand: Eit underskot på 22,2 millionar kroner (7,7 mill i underskot for 2022) og tapt eigenkapital er ei alvorleg utfordring for teateret.
- Teateret står overfor eit stort arbeid med å betre økonomien, i tillegg til å halde fram med å utvikle seg som kraftsentrum for scenekunsten og nynorsken. Styret finn inspirasjon i vilje og trass hos dei som har leia teateret gjennom vanskelege tider før oss, seier styreleiar Hilde Barstad.
- Teateret har møtt utfordringar med eit klart føremål om å levere kunst på høgt nivå, uavhengig av vanskelege omstende, og har strekt seg for å finne nye løysingar på store utfordringar.

Mimmi Tamba som dronning Elsa i Frost.
Kunstnarleg oppsummering
Teateråret 2023 har vore innhaldsrikt og variert. Oppsummert i stikkord vil nok det store løftet med å få Disney-suksessen Frost over i nordisk drakt, Nobelprisen til Jon Fosse og eit stort politisk arbeid gjennom kampanjen Tett gapet vere det som peikar seg ut.
Sjølv om året både har vore fylt med kunstnarlege sigrar og stor oppslutning kring arbeidet ved Det Norske Teatret, er vi inne i ein utfordrande periode. Folk har dårlegare råd. Prisauke, høge renter og energiprisar og generell usikkerheit kring verdssituasjonen gjer noko med oss alle. Publikum, som opplever at kjøpekrafta er kraftig svekt, fortel i undersøkingar at dei kuttar i nettopp kulturopplevingar.
- Det politiske arbeidet har vore viktig og avgjerande for oss gjennom 2023, seier teatersjef Erik Ulfsby.
- Skilnaden i offentleg støtte mellom dei to nasjonale teatera i hovudstaden er blitt meir og meir markant gjennom dei siste 30 åra og ligg i dag på om lag 25 millionar kroner i året. Det Norske Teatret har makta å løfte opp situasjonen vår på aller høgste politiske nivå. Vi kan ikkje halde same nivå om ikkje dei økonomiske tilhøva blir betra. Det får stå som eit overordna mål for 2024.
Styret
Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Hilde Barstad (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar), Lovleen Brenna, Martin Eia-Revheim, Magni Hjertenes Flyum, Geir Kvarme og Åshild Mjelde Nordås.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.