Gå videre til innhold
Are Kalvø har mange spissfindige skråblikk på korleis vi nordmenn nytter tida vår. Foto: Dag Jenssen.
Are Kalvø har mange spissfindige skråblikk på korleis vi nordmenn nytter tida vår. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Are Kalvø og Svein Tindberg i stova

Til påske blir det fleire digitale kulturopplevingar å gle seg til, både til latter og ettertanke. Denne gongen tilbyr Det Norske Teatret publikumssuksessane Mi bragd med Are Kalvø og Abrahams barn med Svein Tindberg.

MI BRAGD
av og med Are Kalvø
Blir vist i samarbeid med NRK
FREDAG 3. APRIL KL. 20.00
I EI STOVE NÆR DEG
på våre nettsider og nrk.no
Framsyninga blir liggande i NRKs spelar ei stund framover

ABRAHAMS BARN
av og med Svein Tindberg
STRØYMEPREMIERE FREDAG 10. APRIL KL. 20.00
I EI STOVE NÆR DEG
via Facebook eller våre nettsider.
Framsyninga blir liggande på nettsidene ei tid framover.

I Mi bragd av og med Are Kalvø, som hadde urpremiere på Det Norske Teatret under tittelen Kalvø i 2014, får det norske folket dissekert kva vi nyttar timane i liva våre til. For eksempel nyttar vi om lag tre og eit halvt år på å pusse tennene og stelle oss. Han jaktar også på svar på om vi som lever her og no er stand til å gjere noko stort, eller om vi er for opptekne med å bygge platting. Kalvø leitar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar.

I framsyninga Abrahams barn forsøker skodespelar Svein Tindberg å sjå finne fellestrekk og søker forsoning mellom dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam. Dei er alle barn av Abraham, og lever i mange land side om side. Men sameksistensen har vore konfliktfylt. Tindberg forsøker å leite etter meir enn konflikt i historia om jødar, kristne og muslimar. Det han finn er ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge