Gå videre til innhold
Mimmi Tamba og Ina Svenningdal skal spele dei vaksne utgåvene av Elsa og Anna. No ser Det Norske Teatret etter barn til barneutgåvene av søskenparet frå Arendelle. Foto: Monica Tormassy.
Mimmi Tamba og Ina Svenningdal skal spele dei vaksne utgåvene av Elsa og Anna. No ser Det Norske Teatret etter barn til barneutgåvene av søskenparet frå Arendelle. Foto: Monica Tormassy.

Pressemelding -

Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost - musikalen

Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost - musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.

FRIST FOR Å MELDE SEG PÅ AUDITION: SØNDAG 23. APRIL
MEIR OM PÅMELDING HER.

Til hausten skal nemleg Det Norske Teatret bli fylt med snøkrystallar og istappar når eventyret om dei to sterke søstrene Elsa og Anna inntar Hovudscenen i ein heilt ny nordisk versjon av Disneys Frost - musikalen. Og i hovudrollene står Mimmi Tamba og Ina Svenningdal.

Mimmi Tamba er for tida aktuell med si eiga framsyning Semper Eadem på teaterets Hovudscene, ei spektakulær visuelt og fantastisk musikalsk framsyning bygd på albumet ho gav ut under same tittel i 2020.

Ina Svenningdal har gjort seg sterk bemerka i ensemblet på Det Norske Teatret i framsyningar som Tolvskillingsoperaen, Into the Woods og er no aktuell i Tryllefløyta som har premiere førstkommande laurdag. Ina er også kjent for det store publikummet gjennom rollene som Åsa i Jul i Svingen og Linus i Svingen, og ikkje minst som Jente-Chris i serien Skam.

Med Elsa og Anna i Disneys Frost trådde to heltinnar fram både som styrte leiken og som hadde makta til å la det gode vinne. Det smarte grepet – som sjeldan har vore løfta i teiknefilmar eller barnebøker – var å la søskenkjærleiken mellom to søstrer vere det berande i forteljinga.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Mimmi Tamba, Ina Svenningdal
    Mimmi Tamba, Ina Svenningdal
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6188 x 4126, 2.44 MB
    Last ned
  • Frost musikal logo med copyright
    Frost musikal logo med copyright
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3278 x 1844, 5.71 MB
    Last ned