Gå videre til innhold
Campingkompaniet skal på nabolagsturne i Groruddalen, og Den minste engelen opnar Scene 3 i haust. Foto: Magnus Skrede/Dag Jenssen.
Campingkompaniet skal på nabolagsturne i Groruddalen, og Den minste engelen opnar Scene 3 i haust. Foto: Magnus Skrede/Dag Jenssen.

Pressemelding -

Barn blir prioriterte i haust

I haust opnar Det Norske Teatret dørene på vidt gap for barna. Heile fem av femten premierar i haust er nytt, norsk teater for barn, unge og familiar. Først ut er ei framsyning om å finne sin veg og eit eventyr om Oskeladden.

DEN MINSTE ENGELEN

av Alf Kjetil Walgermo
URPREMIERE LAURDAG 14. AUGUST KL. 15.00
SCENE 3

CAMPINGKOMPANIET

Basert på eventyr av Asbjørnsen og Moe
URPREMIERE LAURDAG 4. SEPTEMBER KL. 13.00/15.00

Ikkje perfekt i himmelen

Alf Kjetil Walgermo, kulturredaktøren i Vårt Land, debuterer som dramatikar med Den minste engelen. Handlinga går rett nok føre seg i himmelen og vi møter både englar og Gud. Likevel er temaa som blir tatt opp universelle - om urettferd i verda, om å finne seg sjølv og å skilje mellom rett og gale. På engleskolen lærer dei at alt er perfekt i himmelen, men den minste engelen synest ikkje det er perfekt at han er den einaste som ikkje har fått vengjer. Han synest det er urettferdig. Og kvifor får han ikkje stille spørsmål? Kvifor er det ikkje bra at han hjelper Lysengelen? Og kvifor skjer det så mykje vondt nede på jorda utan at Gud gjer noko? Kanskje ikkje alt er så perfekt likevel?

Les meir om Den minste engelen på nettsidene.

Nabolagsturne med eventyr

Campingkompaniet er eit omreisande musikk- og teaterkompani som køyrer sin fargerike campingbil dit folk er. Denne gongen skal dei besøke burettslag i Groruddalen. Deira varemerke er å spele nye versjonar av norske folkeeventyr, og denne gongen har dei funne fram eit av dei mindre kjende Asbjørnsen og Moe-eventyra, nemleg Risen som ikkje hadde noko hjarte på seg. Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor formidlar Campingkompaniet dette eventyret om Oskeladden (denne gongen kalla Ester Oskeladd) som må ut i verda for å redde brørne sine.

Les meir om Campingkompaniet og Risen som ikkje hadde noko hjarte på seg på nettsidene.

    Emner



    Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

    Kontakter

    Ida Michaelsen

    Ida Michaelsen

    Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
    Åsne Dahl Torp

    Åsne Dahl Torp

    Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

    Refleksjon, oppleving og underhaldning

    Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

    Det Norske Teatret
    Kristian IVs gate 8
    0164 Oslo
    Norge