Pressemelding -
Berenice - klassisk trekantdrama på Scene 3
Titus, Antiokus og Berenice spelar hovudrollene i eit trekantdrama der ingen ender opp med å få den dei elskar.
BERENICE
av Jean Racine
PREMIERE FREDAG 1. OKTOBER KL. 20.30 PÅ SCENE 3
Berenice er eIt stykke om korleis kjensler og lengt kjem i vegen for plikt og ansvar. Titus, Antiokus og Berenice er alle slavar av kjenslene sine. Kva hjelp vel priviliegar når du ikkje får den du vil ha? Dronninga Berenice har gitt avkall på alt og reist til Rom, der alle hatar henne, for en kjærleik som ikkje er mogleg, Den nye keisaren av Rom Titus sørgjer over faren som nett har døydd, og blir slitt mellom det hjartet hans seier og ansvaret for Roma som no ligg på skuldrene hans. Samstundes kjem deira beste venn Antiokus til palasset for ein siste gong å forsøke det umoglege; å vinne Berenice som han i løynd har elska og dyrka og forsømd sitt kongedøme for.
Med ein samtidig tvist, prega av skoleballets intriger og udøyelege kjærleiksballader, vil Ina Svenningdal i tittelrolla manøvere mellom dei to beilarane med Eivin Nilsen Salte som Titus og Karl-Vidar Lende som kompisen Antiokus. Joachim Rafaelsen spelar alle andre roller i denne klassiske teksten frå 1600-talet.
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.