Gå videre til innhold
Voguing, charter-bingo og Disney-hyllingar er noko av det ein kan oppleve på Bikubekveld på Det Norske Teatret kvar fredag.
Voguing, charter-bingo og Disney-hyllingar er noko av det ein kan oppleve på Bikubekveld på Det Norske Teatret kvar fredag.

Pressemelding -

Bikubekveld: Overraskar kvar gong

Bikubekveld - Det Norske Teatrets "late night show" - let seg rett og slett ikkje sette i bås. Her kan ein oppleve alt frå voguing og musikalsk bingo med charter-tema til slampoesi, norske viser og Disney-klassikarparade. Først ut er ei hylling til alle damer.

VÅRENS FØRSTE BIKUBEKVELD
A TRIBUTE TO WOMEN
med Enya Weibell, Shelmith Øseth, Irma Michaela Gilboe, Hoang Vy Le, Sophie Speight
FREDAG 27. JANUAR KL. 22.00
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

I over ti år har konseptet Bikubekveld halde koken kvar fredag kveld. Konseptet femnar breitt, og kan verkeleg by på noko for einkvar. Tanken er at det skal vere eit sosialt og kulturelt lågterskel-tilbod, der ein berre kan komme innom for litt påfyll om ein vil komme seg ut litt etter at fredagstacoen er fortært.

Kvar fredag i heile vårsesongen er det eit heilt nytt konsept. Først ut er ei musikalsk hylling til alle kvinner og til ytringsfridomen med Enya Weibell, Shelmith Øseth, Irma Michaela Gilboe, Hoang Vy Le og Sophie Speight, som håpar å få publikum til å danse.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter