Gå videre til innhold
Boss Castro (Jonathan Castro), Don Martin og Fela (Felipe Orellana Castro) har alle vakse opp i blokkar i Groruddalen, og identiteten deira er djupt rota i Oslos austkant. Foto: Dag Jenssen.
Boss Castro (Jonathan Castro), Don Martin og Fela (Felipe Orellana Castro) har alle vakse opp i blokkar i Groruddalen, og identiteten deira er djupt rota i Oslos austkant. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Blokk til blokk tilbake - som teater og seriestripe

Etter premieren på Scene 3 i 2018, har Blokk til Blokk spelt for fulle hus på Scene2, på Rommen Scene, på Hovudscenen - og vore på turné landet rundt med Riksteatret. No vender dei tilbake - og i baklomma har dei ein teikneserie basert på historier frå framsyninga.

BLOKK TIL BLOKK
AV Jonathan Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro, Hedda Sandvig og Cici Henriksen
NYPREMIERE LAURDAG 17. SEPTEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN

LANSERING AV TEIKNESERIEN BLOKK TIL BLOKK
SAMTALE MED SERIESKAPAR ANDREAS IVERSEN
DJ OG PREMIEREFEST
ETTER FRAMSYNINGA

Don Martin, Boss Castro og Fela har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt. For dei er hiphop ein uttrykksform som gir stemme til dei som lever på sida av samfunnet, dei undertrykte, dei som har føresetnadene imot seg. I hiphopen har dei sjølv funne styrke til å halde seg på beina. Framsyninga Blokk til blokk blei ein braksuksess da den hadde premiere i 2018, og trefte både unge og gamle med bodskapen om kor viktig stoltheit over eigen identitet er for kven og kva du er. I teaterrommet og kjem tekstane i eit anna lys enn på konsertscenen. I tillegg har dei sydd forteljinga om sine eigne liv rundt låtane, slik at teaterframsyninga blir både konsert og forteljarteater på ei og same tid.

PERSONLEGE TEKSTAR

I framsyninga fortel Don Martin, Jonathan (Boss Castro) og Felipe (Fela) sine livshistorier og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Vi får høyre om Groruddalen, Turtles og MTV, om brorskap og vegval. Om å miste nokon som står ein nær. Om Rudolf, Lillebjørn og Joachim. Om dei uønskte sin fest. Om å ville vere Tupac og Inger Hagerup. Om å ikkje bli bitter, berre betre, og om å leve livet med lidenskap.

LANSERING AV TEIKNESERIEN BLOKK TIL BLOKK

Teikneserien Blokk til blokk er basert på framsyninga, og er teikna av serieskapar Andreas Iversen. Den fortel om eit heftig liv på austkanten, og er samtidig ei sår familiehistorie om sjølvmord, og ikkje minst historia om da hiphopen kom til Noreg.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge