Gå videre til innhold
Heidi Gjermundsen Broch spelar Påfugl i haustens store og politiske familiemusikal på Hovudscenen.
Heidi Gjermundsen Broch spelar Påfugl i haustens store og politiske familiemusikal på Hovudscenen.

Pressemelding -

Bør dei som tigg få pengar?

Kva er rettferdig? Påfuglen tek opp vanskelege og samfunnsaktuelle tema som kjem i kjølvatnet av globaliseringa, som framandfrykt og fordommar, kulturforskjellar, klasseforskjellar og tigging. Framsyninga gir ingen svar, men vil gi foreldre og barn ein heil del å snakke om.

PÅFUGLEN – EIN URETTFERDIG FAMILIEMUSIKAL
PREMIERE LAURDAG 19. NOVEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Påfuglen er ei varm, musikalsk og fargesterk teaterframsyning for barn og familiar om ein påfuglmamma og ungane hennar. Dei er stadig på flyttefot – og blir jaga kor enn dei kjem. Fugleland er dekt av blomstrande og fargerike madrassar som ligg i haugar og tårn. Her har dei fleste lite eller ingenting, men livet har likevel glede gjennom musikken: Balkan-ompa, sjelfulle sigøynertonar, banghra-rytmar, rock og fengande popmelodiar.

Til Hundeland for å tigge
Ein dag bestemmer Påfugl seg for å dra til Hundeland for å tigge pengar, slik at familien kan få seg eit eige hus i Fugleland. Da kan barna gå på skole, og slepper å bli arresterte for å bu ute. Men barna må bli igjen i Fugleland åleine. Blir dei med til Hundeland vil Kvalpevernet ta dei.

Ambivalens
I Hundeland er det kaldt og snøkvitt over alt. Alle har nok med sitt, hastar mellom jobb og skole og bjeffar om nokon snik i køen. Dei synest det er vanskeleg at Påfugl er komen til landet deira for å tigge. Det er ei ubehageleg påminning om at dei eigentleg har det veldig bra, at dei ikkje har noko å klage over – og at dei kanskje burde avsjå noko av sin overflod til andre. Dei har medynk, men meiner myndigheiter og organisasjonar skal ta seg av Påfugl og barna hennar. Situasjonen er for kompleks til at den kan løysast ved å gi nokre kroner. Men så blir Påfugl forfrosen og sjuk, og Kvalp får Labrador-pappaen sin til å ta med Påfugl heim. Deretter dreg Labrador ut på ei lærerik reise til Fugleland for å redde Påfugl sine ungar.

Kulturforskjellar
Påfuglen
tematiserer rett og slett kor vanskeleg det kan vere å skulle leve saman. I dag lever ulike kulturar, religionar og folkeslag tett på kvarandre. Framsyninga syner med brodd og humor korleis det å komme nærare kvarandre kan verke både skremmande og tiltrekkande. Den blei sett opp ved Trøndelag Teater i fjor, og det er ein oppussa versjon tilpassa Det Norske Teatret vi får sjå på Hovudscenen.

Related links

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge