Pressemelding -

Bokseteater frå Stovner

Fysisk smerte kan vere lettare å takle enn den psykiske. På Rommen Scene står ni ungdomar frå Stovner bokseklubb på scenen i lag med trenaren Hina Zaidi og deler historier frå eigne liv.

BEST
i samarbeid med SPKRBOX og Stovner bokseklubb
URPREMIERE LAURDAG 7. DESEMBER KL. 18.00
ROMMEN SCENE

Best er ei forteling om heilt vanleg ungdom – ungdom frå Stovner på jakt etter eigen identitet. Ikkje ulikt ungdom flest. SPKRBOX ved Cici Henriksen og Hedda Sandvig fekk idéen om å lage eit teaterprosjekt i samarbeid med den lokale bokseklubben:
- Ved å la vanleg Stovner-ungdom få fortelje om kvardagen sin håpar vi å kunne gi publikum eit ærleg og ufiltrert blikk inn i ungdomslivet, seier Sandvig, som også er ein av regissørane for framsyninga. 
- Historiene fortel om alt frå indre uro til gleda over å nyte ei sjokoladeplate. Mange sit også på erfaringar som rommar meir alvor, seier den andre regissøren, Cici Henriksen, og understrekar at ungdomane har skrive tekstane sine sjølve. 

MEIR ENN Å SLÅST

Boksing handlar om å bruke sinnet til noko konstruktivt. Da får ein vennskap, samhald og mestringskjensle tilbake. Ungdomane i Stovner bokseklubb har ofte kjent sinne overfor omgivnadene - foreldre som ikkje forstår, over rasisme, over eigne kjensler som boblar over. Gjennom boksinga har dei fått trua på seg sjølve og mot til å drøyme. Og om dei blir slått i bakken, veit dei at dei kan reise seg igjen.

STYRKE LOKAL SJØLVKJENSLE

- Vi har eit håp om at det å stå på scenen vil bidra ytterlegare til å gi ungdommane trua på seg sjølve. Dei opplever stoltheit over at deira historie er viktig, meiner Hina Zaidi, som også er med på scenen som skodespelar og slampoet. Ho er i tillegg boksetrenar og utdanna barnevernspedagog.
– Men dette gjeld ikkje berre ungdommane i bokseklubben, forhåpentlegvis vil ringverknadene vere at fleire frå Grouddalen kan kjenne på lokal stoltheit, seier koreograf og tredje regissør på laget, Belinda Braza.

Les meir om Best her.

Emner

  • Teater

Kategorier

  • teater


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter