Gå videre til innhold
Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva og Christian Eidem spelar barna som må lære seg å passe på seg sjølve, men utan å bli vaksne. Foto: Magnus Skrede.
Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva og Christian Eidem spelar barna som må lære seg å passe på seg sjølve, men utan å bli vaksne. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Brutal forteljing frå barneøya

Med referansar til Fluenes herre, Peter Pan og Robinson Crusoe, har regissør Mine Nilay Yalcin, dramatikar Toril Solvang og ensemblet jobba fram ei forteljing for ungdom om kva som hender når barn får vere barn, utan innblanding frå vaksne. 

LEVE REPUBLIKKEN
URPREMIERE LAURDAG 20. NOVEMBER KL. 18.00
ROMMEN SCENE - DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN

Eit fly styrtar på ei aude øy, og berre fem unge menneske overlever. Kva skjer? Jo, dei lagar system og reglar, slik alle samfunn til alle tider har gjort. Og så må jo nokon bestemme.

Medan barna ventar på å bli redda, leikar dei, og leiken blir til alvor. Dei må skaffe mat og vatn. Dei må stelle sår. Dei må hjelpe kvarandre med å hugse historia si. Dei byrjar å organisere seg for å overleve. Dei lagar reglar og grunnlegg ein republikk. Ein republikk for barn. Her er det meste lov, unntatt det å bli vaksen. Å vekse opp blir ei synd dei sver på å aldri begå. Men dei er barn og ungdomar - å vekse er jo naturens gang. 

Dei landa på øya som uskuldige barn. Men dei som overlever, har for lengst mista uskulda.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge