Pressemelding -
Det kokar over på Scene 3 i mai og juni
Skulle du gjerne ha lært deg å lage Vest-Afrikas mest populære rett, jollof rice? Eller er du klar for ein kveld der du kan få den komplette samlinga av byens heitaste spelkort? Dette – og mykje meir – kan du oppleve på Scene 3! I tillegg blir det undergrunnsteater, konsert, stand up og Tekken-turnering i mai og juni.
ULIKE SIDERETTAR PÅ SCENE 3
2. MAI - 6. JUNI
SCENE 3
I tillegg til teaterframsyningar byr kuratorane Tani Dibasey og Only Slime på ulike siderettar til teaterprogrammet på Scene 3. Her er det mykje ulikt å få med seg for den som likar seg utanfor komfortsona, og for den eventyrlystne.
Lær deg å lage jollof rice med Bridget Dery!
Medan ho deler dei beste tipsa om korleis ein lagar den herlege ghanesiske retten - vil ho også gi råd om romantiske relasjonar, mental helse og sjølvverd.
Også inkludert: Litt reggae-dansing, litt african beats… og overraskingar!
Les meir!
Dette er for dei innvigde, dei som kjenner til Eiichiro Oda sitt meisterverk av ein tekneserie, One Piece.
Mankirat Singh og Aleksander Holmen er ekte fans, og vil gå djupt inn i bakhistoria til dette teikna universet, som har gjort inntrykk på så mange over heile verda.
Les meir!
Mohammed Hassan og Taume P. Dery inviterer til ein uortodoks runde med stand up!
Det vil også bli dansenummer, musikkinnslag og overraskande gjestar.
Les meir!
Visste du at Scene 3 har sine heilt eigne eksklusive trading cards, som det går an å spele med?
Alle karakterane som er med på Scene 3 gjennom året har sitt eige kort, og ulike skills, styrkar og svakheiter. Denne kvelden blir det ein grand tournament med Scene 3-trading cards!
Les meir!
Mange som er fødde på 80- og 90-talet har eit nostalgisk forhold til spelet Tekken.
Kvelden før nasjonaldagen inviterer Scene 3-gjengen til å få ut agget på Tekken, og det til levande musikk.
Les meir!
Velkommen til eit nachspiel frå helvete!
Oslo Vanker er ei interaktiv teaterframsyning som utforskar det unge festmiljøet i Oslo. Vi møter fem ikkje-lovande unge vaksne i kjellaren på DUNKDUNK, der draumar og ambisjonar blir drukna i lystig galskap.
Les meir!
"Den mest spennende debuten i norsk musikk på lenge", skreiv Aftenposten om EPen Deep Fishing da den kom ut i 2021, og trilla fem på terningen.
6. juni kan publikum oppleve det eklektiske elektronikabandet på Scene 3. Dei blandar element frå jazz og improvisert musikk med klubbmusikk. Dei nyttar akustiske instrument som trekkspel, gitar, piano og blandar det med tunge bassrytmar, synthar og programmerte trommer.
Les meir!
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.