Gå videre til innhold

Pressemelding -

Det Norske Teatret gratulerer Nationaltheatret

I dag, fredag 21. april, kom statsråd Linda Hofseth Helleland med meldinga om at regjeringa no tar grep for å rehabilitere Nationaltheatret. Dette er godt nytt for heile scenefeltet. Nationaltheatret er den fremste og kjæraste konkurrenten til Det Norske Teatret. Som to store, nasjonale teater i same by har vi målt krefter mot kvarandre gjennom tiår, og slik kontinuerleg skjerpa den kunstnarlege utviklinga. Under vegs har Det Norske Teatret alltid vore opptekne av at vi skal konkurrere på like rammevilkår.

Ordet teater blir nytta både om den kunsten som blir framført, institusjonen som framfører det, og om byggverk som er særleg eigna teaterframsyningar. I praksis heng desse delane tett saman; dei fysiske bygningane sett rammer for og påverkar utviklinga av teaterkunsten. Teaterbygg har hatt ulike uttrykk til ulike tider, men dei er gjenkjennelege som uttrykk for kunsten i si tid. I Noreg har vi derfor hatt ein teaterpolitikk som gledeleg nok har gitt rom for utvikling av både små og store scener rundt om i landet.

I det perspektivet står det norsk kulturpolitikk lite til ære at ein av dei eldste kulturinstitusjonane vi har, har ein bygningsmasse som snart står til nedfalls. Det er bygd flotte kulturhus mange stader, men ein slit med å fylle dei med godt innhald. Nationaltheatret har innhaldet, men ikkje eit tidsmessig bygg å vise det fram i. Det får dei forhåpentlegvis no. Vi gratulerer våre gode kollegaer og gler oss til resultatet.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter