Gå videre til innhold
​Det Norske Teatret med rekordår – igjen!

Pressemelding -

​Det Norske Teatret med rekordår – igjen!

Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 27. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit år som nok ein gong er det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. Ikkje berre har teateret hatt rekordhøg publikumstilstrøyming, teateret har aldri hatt høgare inntekter eller hatt større internasjonal merksemd. 281 726 publikummarar (267 297 i 2017) besøkte framsyningane og arrangementa på Det Norske Teatret

- Det Norske Teatret har lagt bak seg nok eit eventyrleg år. Og nok en gong ser vi at publikum sluttar opp om arbeidet vårt som aldri før. Det er utruleg gledeleg og ein sterk inspirasjon for alle oss som jobbar her, seier teatersjef Erik Ulfsby om 2018 som no er summert opp. - Heile 281 726 publikummarar gir oss ein rekord vi for få år sidan trudde ville vere heilt urealistisk. Det som gler oss aller mest er at det høge besøket kjem i ein periode der vi også satsar kunstnarleg utfordrande på alle våre scener.

Fleire kunstnarlege tilsette ved teateret

Det Norske Teatret kan vise til ein stabilt høg produksjonstakt. Det har blitt avvikla like mange framsyningar som tidlegare år, med unntak av på Scene 3 der talet for 2018 er noko lågare. Talet på nye produksjonar er stabilt høgt, og halvparten var urpremierar (10 stykk mot 11 i 2017). Talet på årsverk innanfor teknisk avdeling og administrasjon er uendra, men den store skilnaden viser seg i tala på kunstnarlege årsverk som frå 2016 til 2018 har auka med 22. Det totale talet på årsverk ligg på 250.

- Repertoarteater og populære framsyningar har bidratt til å gi fleire besøk, større tilbod og høgare inntekt med dei same ressursane, seier styreleiar Nina Refseth. – Vi er stolte av å kunne konstatere at suksessen ved teateret bidrar til at fleire kunstnarar har fått arbeid og at publikum har fått eit større mangfald av opplevingar å velje i.

Eigenfinansieringsgrad på 31,2%

Rekneskapen for 2018 viser eit negativt årsresultat på - 2,8 millionar etter skatt. Det er særleg store personalkostnader som slår ut, og som gjer at sjølv ikkje rekordinntekter kan dekke opp for veksten. Vidare har teateret hatt auka utgifter til drift og vedlikehald av huset, med høge energiprisar og eit stigande investeringsbehov.

Som følge av det store publikumsbesøket, var 2018 nok eit år med rekordhøge billettinntekter på 65 millionar kroner. Samla eigeninntekter var på 79,5 millionar kroner, og til saman gir dette ein eigenfinansieringsgrad på 31,2 %. I tillegg til generelt etterspurde framsyningar og høgt belegg, har det vore auka konferanse- og utleigeverksemd, og dessutan høge inntekter frå alle typar servering i huset.

Ambisiøse og omdiskuterte satsingar

The Book of Mormon frå 2017 har sjølvsagt trekt eit stort og begeistra publikum på Hovudscenen gjennom heile året, men i 2018 som året før var det om lag 200 000 som fann vegen til andre titlar enn denne. Hovudscenen har i tillegg hatt 5 nye premierar som alle kan karakteriserast som kunstnarleg ambisiøse, omdiskuterte og nokon også til dels smale satsingar. Peer Gynt blei ein kritikar- og publikumssuksess med ein opplagt 92 år gamal Toralv Maurstad i rolla som den aldrande Peer Gynt.

På Scene 2 har teateret lagt bak seg nok eit aktivt år, med eit stort og variert repertoar av høg kvalitet. Scenen eignar seg til mange ulike uttrykk, og samla fortel repertoaret om ein arena der ingenting scenisk er umogleg for oss. Frå ei fortetta og poetisk Kimen av Tarjei Vesaas til den elleville kroatiske Den siste Kongsfesten av Miroslav Krleza. Sistnemnde eit direkte resultat av våre internasjonale samarbeid.

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Nina Refseth (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar, attvald for 2 nye år), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Rettedal, Finn Kirkebye og Paul-Ottar Haga.

Årsmelding for 2018 finn du her: https://issuu.com/detnorsketeatret/docs/aarsmelding_2019_2

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Teatersjef-Erik-Ulfsby
    Teatersjef-Erik-Ulfsby
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1680 x 949, 63.5 KB
    Last ned
  • Teatersjef Erik Ulfsby
    Teatersjef Erik Ulfsby
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 9.04 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3544 x 4982, 2.81 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1853 x 1853, 2.42 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .tiff
    Størrelse:
    2376 x 1508, 10.3 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga Peer Gynt
    Frå framsyninga Peer Gynt
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    800 x 450, 61 KB
    Last ned

Relatert innhold

  • Peter Andreas Hjellnes Moseng i rolla som Charlie i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, ei av framsyningane som sette sitt preg på 2019. Foto: Erik Berg.

    Årsmøte i Det Norske Teatret

    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 20. juni, om lag 2 månader etter opphavleg dato.