Gå videre til innhold
For første gong held Det Norske Teatret ope under Oslo Pride.

Pressemelding -

Det Norske Teatret opnar under Pride

- Å stå saman i kampen for likeved og retten til å elske den ein vil, er ein viktig verdi heile året. Eg er veldig glad for at vi i år kan vere med på å markere dette ekstra under Pride, seier teatersjef Kjersti Horn, som for første gong opnar huset under Oslo Pride.

Det Norske Teatret har i utgangspunktet gått inn i sommardvale - men i år opnar huset dørene under Oslo Pride. Det blir utstilling, konsert, samtalar, kostymesal og urpremiere på teaterframsyninga How to make love.

PROGRAM PRIDE ♥ DNT

Opning, panelsamtale og konsert
23. juni kl. 17.00

Kjersti Horn vil stå for den offisielle opninga, og deretter blir det minikonsert med Oslo strykekvartett.
I samtalen Å ville leve som seg sjølv vil fiolinist Liv Hilde Klokk, forfattar og fotograf Knut Langeland, tidlegare toppidrettsutøvar Stian Grastveit og skodespelar Geir Kvarme snakke om det å vere skeiv før og no. Journalist Erik Aasheim vil leie samtalen.
Les meir.

TEATER: HOW TO MAKE LOVE
av Tani Dibasey

Urpremiere 23. juni kl. 18.30
Blir også vist:
24. juni kl. 14.00, og 19.45
25. juni kl. 17.00 og 19.30

Korleis er det å vere ung, muslim, og homofil?
Er det mogleg å utforske sensualiteten din, dersom du heile livet har blitt lært kva det vil seie å vere mann, kva det betyr å bli akseptert, kva som er lov, kva som er haram og kva det vil seie å elske?
To unge menn med afrikansk oppdraging og religiøs bakgrunn utfordrar verdiane og og perspektiva sine når dei blir oppmuntra til å utforske sensualitet i lag med ein person som er i prosess med å bli fri.
Les meir.

Utstilling med Bjørn O. K. Langeland
23. - 25. juni

Dei fargerike og kontrastfylte måleria til kunstnaren Bjørn O.K. Langeland (1943 - 2023) vil pryde foajeen i teateret.
Les historia om Langeland her.

Partileiardebatt - Skeiv valdebatt
24. juni kl. 17.00

I 2025 er det stortingsval, og sjeldan har skeive sine liv og rettar vore under sterkare angrep både i Noreg og internasjonalt.
Vi tek debatten!
Les meir.

Skeive flyktningars veg mot integrering og likeverd
24. juni 11.00 - 13.30

Korleis går det eigentleg med dei skeive flyktningane i Oslo, og kva for integreringsrelaterte utfordringar står dei overfor i byen vår?
Korleis arbeider integreringsaktørane i Oslo med skeive flyktningar?
Oslo kommune vil også lansere HAILI-prosjektet - handlingsplan for integrering av LHBTIQ+-deltakarar i introduksjonsprogram.
Les meir.

Intimkonsert med Jeremy Dutcher
24. juni kl. 18.30

Jeremy Dutcher er ein klassisk trena tenor, «Two Spirit» songberar, multikunstnar, aktivist og medlem av Neqotkuk (Tobique First Nation) i Aust-Canada. Under Oslo Pride kan du oppleve denne prisvinnande canadiske artisten på Det Norske Teatret.
Les meir.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter