Gå videre til innhold
Det Norske Teatret gler seg over å kunne invitere til urpremiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre. Foto: Dag Jenssen.
Det Norske Teatret gler seg over å kunne invitere til urpremiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Det Norske Teatret spelar teater igjen

Frå torsdag 7. mai er det lov å samle inntil 50 personar i teateret, og da blir det premiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre på Det Norske Teatret.

JAKOB OG NEIKOB OG ALLE ANDRE
av Kari Stai
URPREMIERE 7. MAI KL. 17.00
SCENE 3


- Vi trur det har stor symbolsk verdi at vi kan opne med ei framsyning nettopp for barn. Dei har vore utan venner, utan barnehage og skole, seier teatersjef Erik Ulfsby. 
- Som eit teater som har barn og unge som eit satsingsområde tenkjer vi det blir ei viktig markering, meiner Ulfsby. Jakob og Neikob og Alle Andre skulle eigentleg hatt premiere 12. mars, dagen heile landet stengde ned. Avgjerda om å ha premieren den 7. mai blei tatt torsdag i førre veke, same dag Kulturdepartementet annonserte at det blei lov å samle inntil 50 personar. Teateret er no i full sving med å legge til rette for at framsyninga kan bli avvikla på ein trygg måte både for publikum og dei tilsette. Billettar vil bli lagde ut for sal innan 6. mai.

Planar om fleire framsyningar
Mykje står likevel igjen før Det Norske Teatret kan opne dørene for fullt. Kulturlivet over heile landet treng konstruktiv dialog med Kulturdepartementet framover.
- Vi kjem til å hauste mange lærdomar under premieren på torsdag, og håpar dette vil danne grunnlag for at vi kan vise fleire framsyningar fram mot sommaren, legg teatersjefen til. 
- Men for ei glede likevel å endeleg kunne seie: Velkommen i teateret!

Meir informasjon om Jakob og Neikob og Alle Andre på nettsidene våre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Teatersjef Erik Ulfsby
    Teatersjef Erik Ulfsby
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 18.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3712 x 5568, 6.39 MB
    Last ned
  • Jakob og Neikob og Alle Andre
    Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5102 x 2875, 1.18 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 5.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 6.18 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4928 x 3280, 6.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 8.42 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 5.96 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Jakob og Neikob er ulike - men gode venner likevel. Illustrasjon: Kari Stai.

    Neikob vil bli som Alle Andre

    Jakob og Neikob og alle andre er ei sjarmerande og morosam historie for dei minste om å setje pris på at vi alle er forskjellige.