Gå videre til innhold
Jakob og Neikob er ulike - men gode venner likevel. Illustrasjon: Kari Stai.
Jakob og Neikob er ulike - men gode venner likevel. Illustrasjon: Kari Stai.

Pressemelding -

Neikob vil bli som Alle Andre

Jakob og Neikob og Alle Andre er ei sjarmerande og morosam historie for dei minste om å setje pris på at vi alle er forskjellige.

JAKOB OG NEIKOB OG ALLE ANDRE
av Kari Stai
URPREMIERE 12. MARS KL. 17.00
SCENE 3

Jakob og Neikob er det klovneaktige radarparet skapt gjennom dei fargerike barnebøkene til Kari
Stai. Den eine er alltid skeptisk – den andre er alltid positiv. Den eine seier alltid NEI, den andre seier alltid JA. Basert på desse to enkle motsetnadene klarer skaparen av dei to gøyale karakterane å seie noko eksistensielt om det å vere menneske, på eit nivå som treffer dei aller minste – og foreldra deira. På Scene 3 blir dette ei varm familieframsyning for barn frå 3 år med musikk og naivistiske verkemiddel. 

Neikob er lei seg sjølv
Denne gongen har Neikob mista grepet totalt. Bollane er brende, mjølet ligg strødd utover. Jakob og Neikob har fått ein mystisk, ny nabo som forstyrrar harmonien – den masete husvennen Masekopp. Han kjem utan å vere beden og er direkte av den typen som sårar utan å vere klar over det: "Kvifor er du blå i trynet? Du er så annleis! Kvifor er han ikkje som alle andre?" masar Masekopp. Neikob byrjar å kjenne seg annleis, og saman med Jakob dreg han ut på leit etter Alle Andre for å bli som han. Publikum blir tatt med på eit eventyr som startar frå bakketoppen der Jakob og Neikob bur og ut på busstur, under vatn i ein ubåt og opp i verdsrommet med ein rakett.

Øyvind Osmo Eriksen, regissør. Foto: Siren Høyland Sæter.

Musikalsk og sanseleg 
Vi trur ofte at vi må leite etter oss sjølve der ute, men den du er er rett framfor nasen din, du må berre våge å sjå etter, seier regissør Øyvind Osmo Eriksen. Han er kjend som er ein leiken regissør som grip stoffet med musikalsk tilnærming. Denne gongen vil han komponere eit musikkspel for dei minste med nyskrivne songtekstar av Kari Stai sjølv.
- Nokre gonger kan ein kanskje ha lyst til å gli inn som ein geléklump i den store massen, men dersom alle blir som alle andre, blir alle like, og det er jo ikkje noko gøy, seier Osmo Eriksen. Dette skjønner også Neikob til slutt. 
Ein treng faktisk ikkje reise langt for å finne seg sjølv. Og du er bra nok nett slik du er, lærer Jakob og Neikob denne gongen.

Les meir om Jakob og Neikob og Alle Andre her.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Jakob og Neikob og Alle Andre
    Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5102 x 2875, 1.18 MB
    Last ned
  • Øyvind Osmo Eriksen
    Øyvind Osmo Eriksen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .tiff
    Størrelse:
    2835 x 1984, 31.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3712 x 5568, 6.39 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 8.42 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 5.96 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 5.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4928 x 3280, 6.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Framsyningsfoto Jakob og Neikob og Alle Andre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 6.18 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Det Norske Teatret gler seg over å kunne invitere til urpremiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre. Foto: Dag Jenssen.

    Det Norske Teatret spelar teater igjen

    Frå torsdag 7. mai er det lov å samle inntil 50 personar i teateret, og da blir det premiere på barneframsyninga Jakob og Neikob og Alle Andre på Det Norske Teatret.

  • Illustrasjon: Kari Stai

    Fabulerande språkleik for dei minste

    Går det verkeleg å lage ei god forteljing om JAKOB som berre seier JA, og NEIKOB som berre seier NEI? Blir det genialt eller gale? Fire bøker, seks prisar og ti språk seinare er svaret eit rungande JA!