Gå videre til innhold
Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, José Gabriel Ramirez og Darin Hagi skal studere ved skodespelarutdanninga Det Multinorske til hausten.
Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, José Gabriel Ramirez og Darin Hagi skal studere ved skodespelarutdanninga Det Multinorske til hausten.

Pressemelding -

Dette er dei nye studentane ved Det Multinorske

I dag fekk seks unge skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa ei glad-melding om at dei er aksepterte som studentar ved Det Norske Teatret og Nord Universitet si treårige skodespelarutdanning, Det Multinorske.

- Vi har sett etter dei beste skodespelarane, menneske vi ønskjer å møte som framtidige kollegaer, seier jurymedlem og skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge.

Dei seks juryen kan tenkje seg å møte på scenen i ein gong i framtida er Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, José Gabriel Ramirez og Darin Hagi. Dei blei valde ut melom 65 søkjarar totalt. - Eg er mållaus, seier José Gabriel Ramirez som jublar i lag med dei nye studiekameratene. - Vi vil vere med på å endre synet på fleirkulturelle, seier Mona Huang Høivik. - Vi kan spele Shakespeare! Bakgrunn og utsjånad skal ikkje ha noko å seie, repliserer Marianne Hetland. Ho meiner også at Det Norske Teatret er modige som gir eit svar på at teater-Noreg framleis er for kvitt. 

Tredje kull

- Vi har valt ut ei kruttsterk klasse med svært høgt nivå, seier jurymedlem og skodespelar Sara Khorami. Ho var del av det første kullet som byrja ved utdanninga i 2012 og har vore tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret sidan ho blei uteksaminert i 2015. I dag spelar ho Antigone i framsyninga med same namn på Hovudscenen. - Utdanninga har endra livet mitt. Det var enormt formande å få vere del av eit teater medan ein fekk utdanninga si. Vi såg teater heile tida, hadde lærarar som var skodespelarar... det var ei fantastisk tid! seier Khorami. Dei seks som tek til på utdanninga til hausten vil bli det tredje kullet som tar skodespelarutdanninga ved Det Multinorske.

- I dag har vi 24 skodespelarar i ensemblet med fleirkulturell bakgrunn. Slik var det ikkje for 6 år sidan da vi starta utdanninga Det Multinorske, seier teatersjef Erik Ulfsby. - Det Multinorske har vore med på å endre publikumet vårt, repertoaret vårt og ensemblet vårt slik at vi i dag liknar meir på verda utanfor, meiner han og legg til at vi no enno betre kan forsvare namnet på teateret: Det Norske Teatret.

Vil spegle Noreg av i dag

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Saman med Nord Universitet oppretta Det Norske Teatret i 2012 ei treårig utdanning for skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa. Det andre kullet blir uteksaminert i vår.

Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskolane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Studentane vil ha status som studentar ved Nord Universitet. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode ved Det Norske Teatret.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge