Pressemelding -
Digital Bikubekveld med Mimmi
Det Norske Teatret held fram med å dele digitale kulturopplevingar med publikum. Denne fredagen blir det Bikubekveld med ein av våre talentfulle skodespelarar med fleire bein å stå på, nemleg Mimmi Tamba, som også er artist.
FREDAG 27. MARS KL. 20.00
I EI STUE NÆR DEG
Live på Facebook
Mimmi blei kjend for heile nasjonen gjennom NRKs musikk-konkurranse Stjernekamp i 2013, og har sidan dette gitt ut to album. Hennar siste utgjeving, Semper Eadem, hausta ein solid 6ar i Dagsavisen, som mellom anna skreiv at "Dette albumet slår helt på egen hånd knockout på lytteren". Musikalsk er Mimmi inspirert av både pop, rock og jazz, og ho har blitt samanlikna med internasjonale storleikar som Kate Bush, Sinnead O´connor, Beth Gibbons og Beyonce. Sjølv kallar Mimmi musikken på sitt siste album for renessanse-pop, og ho har latt seg inspirere av dronning Elizabeth 1.
For Det Norske Teatrets publikum er Mimmi Tamba mellom anna kjend som Nabulungi i The Book of Mormon, og Girl i Lazarus, ei rolle ho blei nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar for.
Publikum kan i kveld gle seg til ein nær og personleg konsert rett frå stua heime hos Mimmi.
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.