Gå videre til innhold
Bienes historie handla om korleis vi menneske påverkar den sårbare naturen, men også er sårbare overfor følgane av korleis vi behandlar den. Dette fekk verda smerteleg erfare i 2020. Framsyninga blei også Det Norske Teatrets første direktestrøyming.
Bienes historie handla om korleis vi menneske påverkar den sårbare naturen, men også er sårbare overfor følgane av korleis vi behandlar den. Dette fekk verda smerteleg erfare i 2020. Framsyninga blei også Det Norske Teatrets første direktestrøyming.

Pressemelding -

Eit år for historiebøkene

Årsmøte i Det Norske Teatret.

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 17. april. Også i år blei dette gjennomført digitalt i tråd med gjeldande forskrift om unntak frå reglane om fysisk møte i aksjeselskap og allmennaksjeselskap.

I 2020 har Det Norske Teatret vore treft av den største krisa i teateret si 108 år lange historie. Pandemien har gjort det naudsynt å takle akutte og særs alvorlege hendingar som har gjort omstillingar og nye grep relevante i store deler av organisasjonen. Likevel – teateret har klart seg og skal halde fram med det. 

Krise og omstilling

For 2020 vart året då dramatikken i all hovudsak utspelte seg utanfor scenerommet. Januar og februar ved Det Norske Teatret var rett nok som vanlege: prega av optimisme, store kunstnarlege ambisjonar og høg aktivitet. Som vi alle kjenner til, dette året skulle bli prega av restriksjonar, avlysingar, usikre planleggingshorisontar, omstilling og både kritisk og entusiastisk utforsking av digitale flater.

Blei det gjort og skapt noko godt i 2020 som elles aldri hadde skjedd? Les meir om digital omstilling.

– Eg er glad for den støtta eg har kjent frå styret, resten av leiinga, dei tilsette og alle som er glade i teateret vårt gjennom eit år prega av store omveltingar. Det kollektivet som Det Norske Teatret utgjer er ein enorm styrke når krisa treffer. Vi er stolte over å ha takla denne krisa som vi har gjort. Det er utvilsamt nye erfaringar vi tar med oss. Noko blir kanskje aldri heilt som før, men vi er meir enn nokosinne overtydde over betydninga av møteplassar og fellesskap som det vi kan tilby, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Kjernen i ein teaterinstitusjon er det fysiske møtet mellom menneske, i sal og på scene. Gjennom store delar av 2020 var dette ikkje mogleg. Ikkje ein einaste dag sidan 12. mars har Det Norske Teatret kunna spele utan restriksjonar.

Kva er teateret si rolle når ein ikkje kan ha publikum i salen? Les meir om publikum og pandemien.

Fall i publikum og inntektar

Kort oppsummertviser tala for 2020 eit besøkstal på 103 018 (280 116 for 2019). Av desse var 10 232 på digitale direktestrøymingar som gav nærare 1 million i inntekt. Rekneskapen for 2020 viser eit fall i eigeninntektene på 58,4 millionar kroner samanlikna med 2019. Dette har sjølvsagt dramatiske konsekvensar for drifta. Underskotet for 2020 er likevel ikkje større enn 4,4 millionar kroner.

– Svikten i inntektene er møtt på to måtar: Det Norske Teatret hadde lågare personalkostnader i dei to månadene med omfattande permitteringar våren 2020. Permitteringane sparte teateret for om lag 17 millionar kroner i lønnsutgifter. Det har gjennom heile perioden vore eit omfattande arbeid for å redusere andre driftskostnader. Noko av dette kjem rett nok av seg sjølv, som følgje av færre framsyningar. Men størstedelen av utgiftsreduksjonen er oppnådd gjennom nøktern drift, seier direktør Hans Antonsen, som er nøgd med å slå fast at teateret hadde 36 millionar kroner lågare kostnader i 2020 samanlikna med året før. 

Lite dialog med kunstfeltet

Styreleiar Nina Refseth uttrykker bekymring for den politiske handsaminga av kulturlivet under pandemien. 
– Styresmaktene har vist seg lite interesserte i å føre ein dialog med kulturinstitusjonane og vi har sakna eit engasjement for kva som er god kulturpolitikk i ei så stor krise, seier Nina Refseth. Ho er uroleg for rekrutteringa til norsk kulturliv etter denne pandemien.
– Men erfaringane frå 2020 har styrkt oss i trua på at uansett kva som ventar i den nye normaliteten, så vil Det Norske Teatret spele ei viktig rolle, både i det norske og europeiske teaterfeltet.

Les heile årsmeldinga for 2020.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge