Gå videre til innhold
Emil Johnsen og Vetle Bergan er fast tilsette ved Det Norske Teatret

Pressemelding -

Emil Johnsen og Vetle Bergan er fast tilsette ved Det Norske Teatret

I går beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Emil Johnsen og Vetle Bergan.

- Dette gjer eg sjølvsagt i samråd med den kommande teatersjefen Kjersti Horn, men det er veldig fint å kunne knyte til oss to skodespelarar som på ulikt vis har vore med å styrke teateret dei siste åra, seier noverande teatersjef Erik Ulfsby.

- Emil Johnsen har i tillegg til å vere ein sentral profil i arbeidet med Edouard Louis sine tekstar for scenen, vist seg som ein allsidig skodespelar med god komisk timing, seier Erik Ulfsby.
- Eit framoverlent og modig teaterhus, seier Emil Johnsen om arbeidsplassen sin. For tida spelar han Tesman i Hedda Gabler på Hovudscenen. Han har bakgrunn frå Lee Strasberg Institute i New York og Teaherhögskolan i Göteborg. Sidan 2018 har han vore med i ei rad produksjonar ved Det Norske Teatret.

- Vetle Bergan er også ein skodespelar som passar inn i ensemblet vårt. Han har eit stort spenn, og har gjort strålande rollearbeid i alt frå Jon Fosses kammerspel Einkvan til storslegne Hovudscene-framsyningar som Tolvskillingsoperaen og Snøsøstera. Ein skodespelar med mange kvalitetar som publikum vil få stor glede av i framtida, seier teatersjef Ulfsby.

Vetle Bergan har utdanning frå skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har vore ved Det Norske Teatret sidan 2019. For tida er han å sjå i Einkvan og Snøsøstera. Han er glad og stolt over tilbodet:
- Eg har hatt det veldig fint på dette teateret, og gler meg til å gå inn i nye prosjekt med gode kollegaer som eg elskar å jobbe med.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter