Pressemelding -
Erik Ulfsby lanserer sin siste haustsesong som teatersjef
Etter fjorten år som kunstnarleg leiar, legg Erik Ulfsby fram sitt siste repertoar. Det har vore år med vekst, framgang og mange sterke opplevingar som vil gå inn i teaterhistoriebøkene. Denne siste hausten vil han mellom anna by på eventyr for barn, to suksess-romanar som skal få nytt blikk på seg i scenelyset, jazzteater og eit eksistensielt drama om krig og kunst som han sjølv vil sette i scene.

Premiere 7. september på Hovudscenen.
Det er Jae Nyamburah som skal få gi liv til ei av teaterhistorias mest ikoniske roller. For regien står komande teatersjef Kjersti Horn, og ho har med seg makkarane frå tidlegare produksjonar. Vi vil møte ei Hedda som både er sårbar og skada, tvinga inn i ei ramme der ho ikkje får puste, men også ei evnerik kvinne full av lengt og fridomstrong.
LES MEIR

Nypremiere 12. oktober på Hovudscenen
Den varme og melankolske framsyninga basert på Lisa Aisato og Maja Lundes kalenderroman kjem tilbake til Det Norske Teatret når det lakkar mot jul. Framsyninga hausta strålande kritkikkar da den hadde premiere i 2022, og det er framleis Gina Bernhoft Gørvell og Vetle Bergan som står på scenen som Hedvig og Julian. Den eine gler seg til jul. Den andre gruar seg.
LES MEIR

Premiere 16. november på Hovudscenen
Når regissør Erik Ulfsby rundar av som teatersjef er det dei store spørsmåla som skal under lupa: Religion, krig, verdien av kunst og sjølve meininga med livet.
I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kjem faretrugande nære, er Under open himmel av Steve Tesich nok ein gong aktuell.
LES MEIR

1. 8. og 15. desember på Hovudscenen
I høve tiårs-jubileet for det litterære juleheftet Juleroser inviterer Det Norske Teatret til førjulsfest, i samarbeid med Samlaget og Herborg Kråkevik. Her får sin oppleve kunstnarar som har bidrege i heftet i løpet av desse åra, saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret og med Herborg Kråkevik sjølv som programleiar.
LES MEIR

Urpremiere 6. september på Scene 2
Linn Ullmanns sjølvbiografiske roman Jente, 1983 gjekk rett til topps på bestseljarlista da han kom ut i 2021. Når romanen no kjem til scenen for første gong, er det i den belgiske stjerneregissøren Luk Percevals regi og med Gjertrud Jynge i rolla som eg-personen.
LES MEIR

Urpremiere 10. november på Scene 2
Seksarane hagla når Beate Grimsruds roman Jeg foreslår at vi våkner kom ut i 2020. Ho rakk også å motta Brageprisen same år, før ho gjekk bort. Det handlar om fornekting og det å leve med alvorleg sjukdom. Men forteljinga er også ei hylling av kjærleiken, menneska og alle dei små hendingane som er sjølve livet.
LES MEIR

Urpremiere 31. august på Scene 3
Campingkompaniet har blitt kjende land og strand rundt for sine friske og leikne eventyrframsyningar fortald med enkle teatereffektar dei får plass til i minibussen sin. Når dei no rullar inn på Scene 3, er det med eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde i baksetet.
LES MEIR

Urpremiere 24. oktober på Scene 3
Regissør Eirik Stubø vil i lag med ein jazztrio og musikalske skodespelarar sjå nærare på den norske folketoneskatten i lys av Jan Johanssons legendariske jazzplate Jazz på svenska. Det vil bli ei ei musikalsk reise gjennom landets mange ulike folketonar i ei litt improvisert og jazza utgåve.
LES MEIR

Noregspremiere 22. november på Scene 3
Har læraren Astrid oppført seg upassande overfor ein elev? Og var det eigentleg i orden at ho blei i lag med ho som ho delar livet med, som den gongen også var eleven hennar? I Marius von Mayenburgs kammerspel blir både notid og fortid sett i eit nytt lys.
LES MEIR

Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.