Gå videre til innhold
Eili Harboe spelar dotter til godseigarinne Ljubóv Ranévskaja, som blir spelt av Gjertrud Jynge. Foto: Pernille Sandberg.
Eili Harboe spelar dotter til godseigarinne Ljubóv Ranévskaja, som blir spelt av Gjertrud Jynge. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Festen er slutt

Godseigarinne Ljubóv Ranévskaja og familien har brukt opp sin siste rubel. Likevel held festen fram. Kvifor er det så vanskeleg for oss menneske å innsjå katastrofen, sjølv når han er eit faktum?


KIRSEBÆRHAGEN
av Anton Tsjekhov
PREMIERE LAURDAG 25. JANUAR
PÅ HOVUDSCENEN

Ranévskaja (Gjertrud Jynge) kjem heim frå eit lengre opphald i Paris, der ho har levd i sus og dus. Dottera Anja (Eili Harboe) har henta henne heim for å redde det som er igjen av godset med den enorme og vidgjetne kirsebærhagen. Men godseigarinna nektar å innsjå at festen er over, og sjølv når gard og grunn går under hammaren på tvangsauksjon, hyrer ho inn eit orkester og drikk sjampanje - utan å ha pengar til å betale for nokon av delane.

- Ingenting er farleg lengre, seier Gjertrud Jynge. Les meir.

Brytingstid

Tsjekhovs klassiske teaterstykke Kirsebærhagen frå 1903 skildrar ei verd i endring, der den gamle eliten står for fall, og nye verdiar veks fram. I Tsjekhovs samtid ulma eit opprør. Sosialismen var i anmarsj, og berarane av den gamle kulturen måtte etter kvart vike for ein ny samfunnsorden. 

I Russland gjekk det ein gong an å kjøpe seg sjølv. Og det gjorde Anton Tsjekhovs bestefar. Les meir.

I 1917 blei keisar Nikolai II avretta, og Russlands folk skulle bli fri. Heilt slik blei det ikkje, veit vi i dag, men mange i bondestanden og arbeidarklassen såg lyst på det nye som skulle komme.

Ingen gjer noko

I dag er vi også i ei politisk brytingstid. Grundige argument og faktabasert informasjon må vike plassen for falske fakta og populisme, folkedjupet hever røysta mot alt som luktar av kulturell elite og danning. Samstundes står vi alle framfor dei same store samfunnsmessige og økologiske utfordringane - ei ulmande krise. Ei 16 år gamal jente ropar av sine lungers fulle kraft. Men ingen gjer noko, og festen held fram.

Eili Harboe blei heidra med Filmkritikerprisen som årets beste skodespelar i 2018. No er ho klar for Hovudscenen på Det Norske Teatret. Les meir.

Scenografimodellen til Kirsebærhagen. Lyslenkene kan både vere heilt raude som kirsebær, kvite og reine eller ha ulike fargar som partylys.


Tomrom med partylys

Kirsebærhagen er i regi av Johannes Holmen Dahl, ein av Det Norske Teatrets fire husregissørar. Holmen Dahl har hausta mykje merksemd for fleire sterke framsyningar av klassiske tekstar. Han nytter heile scenerommet på Hovudscenen, som framstår som ganske strippa, bortsett ifrå ein enorm lysinstallasjon av 1000 partylys ved scenograf Nia Damerell, som heng ned frå taket. I sentrum står skodespelarane, teksten og eit lite orkester som spelar klezmermusikk.

- Dekadanse, det er gøy å arbeide med, seier kostymedesignar Ane Ledang Aasheim. Les meir.


Les meir om Kirsebærhagen på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge