Gå videre til innhold
Are Kalvø leitar etter meininga med livet i 50 år med topp-hitar frå VG-lista. Foto: Magnus Skrede.
Are Kalvø leitar etter meininga med livet i 50 år med topp-hitar frå VG-lista. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Finst svaret på livets store gåter hos Freddy Kalas?

Are Kalvø er tilbake med nok ei framsyning som blandar humor, samfunnssatire og kvardagsfilosofering for å seie noko om livet. Denne gongen er linsa han brukar hitmusikken som snik seg inn i hjernene våre, anten vi vil det, eller ei.

TOPPAR VG-LISTA
av og med Are Kalvø
URPREMIERE TORSDAG 19. AUGUST KL. 19.30
SCENE 2

Are Kalvø har tatt for seg VG-listas låtar gjennom dei siste 50 åra. Denne lista har på mange vis spegla det norske folks musikalske preferansar. For alle som ikkje finn denne musikken interessant eller god, så er det likevel nesten umogleg å ikkje bli påverka. Den blir spelt overalt; på radio, i bryllaup, på festar, i bursdagar, på kafe og restaurantar. Og umerkeleg snik den seg inn i nordmenns undermedvit, i ein så sterk grad at dei kan ta seg i å nynne «Pinne for landet» på veg til jobben.


Popmusikk og meininga med livet

Are Kalvø tar publikum gjennom 50 år med dei merkelegaste topp-plasseringar på VG-lista og forsøker å seie noko om den tida dei var populære i, om folk flest og om det er noko å hente ut av denne musikalske kunsthistoria. På sitt underfundige og vittige vis klarer han å tråkle dette saman slik at publikum kanskje har lært litt meir om seg sjølv, og faktisk om kva som er meninga med livet, etter å ha vore gjennom VG-lista. For kanskje er det slik at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen, men hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Les meir om Toppar VG-lista på nettsidene. 

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge