Gå videre til innhold
Skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig har samarbeida om å lage Haugtussa. Foto: Åsne Dahl Torp.
Skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig har samarbeida om å lage Haugtussa. Foto: Åsne Dahl Torp.

Pressemelding -

Haugtussa som radioteater

For åtte år sidan fekk Ane Dahl Torp ein førespurnad frå ein liten kulturfestival på Vestlandet om å lese nokre dikt ho likte. Dette enda opp med å bli ei teaterframsyning som framleis står på plakaten på Det Norske Teatret. No kjem Haugtussa i Dahl Torp og Sjur Miljeteigs versjon som radioteater.

HAUGTUSSA – som radioteater
av Arne Garborg
PREMIERE FREDAG 1. MAI KL. 20.00
DER DU VIL – klikk deg inn på våre nettsider

- Dette er eit skoleeksempel på at ein absolutt bør seie ja til jobbar ein burde seie nei til, ler skodespelar Ane Dahl Torp. På kjøkenbordet som er arva av norsklærarmora og språkprofessorfaren hennar tronar ein plastdunk med heimelaga hardangereplevin frå ein kjenning i lag med ei herleg blanding av diverse etterlatenskapar etter dagens økt med heimeundervisning, voksenjobbting, kaffikoppar og rot. Det er i kaos det kreative skjer - og når ein seier ja til ein jobb som kanskje blei ein for mykje. Det var ein festival i Kristiansund som ringde den gongen for åtte år sidan. Dei ville gjerne at Ane skulle lese nokre dikt vekselvis med ein strykekvartett som skulle spele.
- Kva skal dei spele? undra Ane. Noko av Grieg, var svaret.
- Ja, Haugtussa, da, liksom, datt det ut av henne. Og ja, det synest festivalen høyrdes kjempefint ut!

Gripande stoff

Tida gjekk, og Ane håpa at festivalen hadde gløymt det heile, ho hadde eigentleg nok på plakaten. Men så slang det inn ein mail mot slutten av sommarferien: Vi gler oss til Haugtussa 16. september!
Så var det bestemt, og Ane måtte lese Haugtussa for første gong frå byrjing til slutt.
- Eg blei redd, eg! Det er jo litt sånn som filmen 6. sansen med han guten som kviskrar "I see dead people!", mimrar Ane. Ho trekte føtene godt opp i sofaen medan ho las.

Naturen er eit viktig verkemiddel for å illustrere dei indre kjenslene til Veslemøy, hovudpersonen i Haugtussa. Her er det kunstnarlege laget til Haugtussa heime i hagen. 

Nasjonalepos med nytt blikk

Arne Garborgs diktsyklus om gjetarjenta Veslemøy er ein av våre nasjonalskattar og er tradisjonelt sett på som vakker, naturromantisk og lyrisk.
- Men eg såg noko anna, seier Ane. - Eg leste det som ei slags spøkelseshistorie.
Og med det begynte krøssklippinga av Haugtussa. Første versjon blei framført til strykekvartett i Kristiansund. Neste versjon blei framført i samband med at Ane fekk ein annan førespurnad ho ikkje kunne seie nei til - nemleg å lese nokre dikt av Garborg ved avdekkinga av ein Arne Garborg-byste i sin eigen fars fødeby Tvedestrand. Ane foreslo å trekke fram Haugtussa og at ektemannen Sjur Miljeteig skulle lage og spele musikk til, og slik blei det.

Her er Haugtussa kort fortalt!

No hadde dei plutseleg grunnrisset av ei framsyning, og den synest dei at dei kunne lufte for teatersjefen. Kanskje han ville ha ein liten Haugtussa til bruk i mindre forsamlingar? Men det ville teatersjef Erik Ulfsby ikkje. - Han ville ha ei times lang framsyning på Scene 3!

Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp i studioet i heime på Vålerenga. 

Eventyret tek ikkje slutt

Resten er  meir eller mindre historie. I Det Norske Teatrets jubileumsår 2013 blei det premiere, og sidan har dei spelt rundt 150 framsyningar og vore på turné. Framsyninga skal framleis stå på plakaten når teateret opnar opp igjen, men no blir det først radioteaterversjon snekra i Sjurs studio i heimen deira på Vålerenga. Opptaket er gjort i eitt drag - omtrent som om det var ei teaterframsyning. - Eg gløymte teksten ein stad og så var eg litt rusten i stemma på grunn av at vi ikkje speler teater for tida og eg ikkje røkter instrumentet mitt like hyppig som før, så eg fekk ei skikkeleg hostekule når eg skulle vræle litt, flirer Ane.
Så nokre redigeringar er altså gjort. Radioteaterversjonen er også annleis ved det at det ikkje er teater på ei scene. Med det må dei elektroniske klangane og trompeten til Sjur male ut meir landskap og stemning enn i ei teaterframsyning ein også kan sjå.
- Men det var gøy å spele teater igjen, må eg seie, innrømmer Ane. 

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge