Gå videre til innhold
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Høge kunstnarlege ambisjonar har gitt solide inntekter og rekordhøgt besøk

Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 23. april. Publikumstalet har dei siste seks åra lege på over 200 000, ein stabilitet teateret er særs nøgd med. 

Heile 219 643 besøkte Det Norske Teatret i 2016 (220 357 for 2015) og dei samla billettinntektene på 42,7 mill er tett på rekordinntektene frå 2015 (43,9 mill). Eigeninntekta var 54 mill (55 129 mill) og driftsresultatet viser 4,1 mill kroner.

Ved å bygge på dei styrkane teateret alt har, ønskjer teateret å vidareutvikle både den kunstnarlege kvaliteten og publikumstilbodet. Ambisjonen er at teateret til ei kvar tid skal ha eit engasjerande og godt tilbod til barn, og vere attraktivt også for ungdom. Musikkteateret skal vere kunstnarleg sterkt og utvikle sjangeren vidare. Ikkje minst er ambisjonen å nå ut til nye publikumsgrupper, både lokalt og nasjonalt, gjennom samarbeid og nytenking.

Dristige satsingar
2016 var eit kunstnarleg svært allsidig år, med mange urpremierar og ein uttrykt vilje til å satse på nytt og norsk. Den produksjonen ein særleg vil hugse dette året, er Andre verdskrigen - Natt i verda, ein urpremiere som spelte 8 timar gjennom heile natta like til morgongry. Teaterets ambisjon er å utvikle musikalsjangeren gjennom dristige val. Vi opna 2016 med Noregspremiere på Tenk om, ein kompleks og utfordrande musikal. Her bygde opphavsmennene York og Kitt handlinga rundt byplanlegging i New York, fint tillempa til lokale forhold av teatrets krefter. Musikken hadde òg ein stor plass i Bjørn Eidsvågs oppgjer med ulike framstillingar av Jesus i Etterlyst: Jesus. Ei framsyning som blei omfamna av både kritikarar og publikum.

- Det Norske Teatret held fram som eit teater med stor aktivitet, og med eit omfattande og utfordrande repertoar, med hovudvekt på avgjerande tema i samtida. Året vi har lagt bak oss understrekar ønsket om å vere ein debattarena, ein samfunnsaktør. Produksjonane våre blir lagt merke til, diskuterte og anerkjente, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Gode publikumstal
Den best besøkte framsyninga i fjor var Etterlyst: Jesus med 34 210 publikummarar, med Tenk om på neste plass med 16 348 besøkande. På Scene 2 er det Romeo og Julie som har trekt størst publikum med 7 947 besøkande medan dramatiseringa av Fugletribunalet av Agnes Ravatn heldt fram med dei gode publikumstala. Med 5 711 selde billettar i 2016 kom det totale besøkstalet opp på til saman 12 576 for heile speleperioden (6 685 så Fugletribunalet i 2015). På Scene 3 sluttar ikkje Det merkelege som hende med hunden den natta (3 795) å begeistre, medan Haugtussa har samla 2 098 besøkande i sitt fjerde år på repertoaret.

- Teateret står kunstnarleg sterkt og har no oppnådd eit stabilt høgt publikumsbesøk dei seinare åra. Dette inntektsnivået vil gi oss handlingsrom til ei meir ekspansiv kunstnarleg verksemd, med nye satsingar og høve til å ta høg kunstnarleg risiko. Sjølve teaterbygget er no nesten maksimalt utnytta for repertoarteater, og teateret må søkje nye framsyningsstader eller tidspunkt om ein skal vekse meir, seier styreleiar Nina Refseth.

Nytt styre
Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Nina Refseth (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar, attvald for 2 nye år), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Aarestad Rettedal, Ola E. Bø og Finn Kirkeby.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge