Gå videre til innhold
Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret, og vil gi smakebitar frå repertoaret. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret, og vil gi smakebitar frå repertoaret. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

INVITASJON: Lanseringsfest og forsmak på Kjersti Horns første teatersesong

No er Kjersti Horn teatersjef ved Det Norske Teatret, og med det inviterer ho til fest med servering av smårettar frå repertoaret.

FORSMAK på teatervåren 2025
Måndag 13. januar kl. 17.00 - 18.00
Scene 2

På menyen står mellom anna ein sniklytt på ein låt frå hitmusikalen Once og samtale med hovudrolleinnehavarane i Lady Macbeth.

Arne Lygre har skrive eit heilt nytt stykke, Ikkje ein lyd, og vil delta i samtale med skodespelar Preben Hodneland.

Frå Eurovisjon-musikalen Europavisjonar blir det også ein musikalsk smakebit med Heidi Gjermundsen Broch, aka Angela Merkel.

Litteratursensasjonen Oliver Lovrenskis roman Da vi var yngre blir teater med Aksel Hennie som regissør og Hver gang vi møtes-aktuelle Jonas Benyoub i hovudrolla - dei to stiller også i samtale.

I tillegg blir det eit møte med gjengen som har takeover på Scene 3 - nemleg teaterrabulisten Tani Dibasey og avantgardistane i Only Slime.

Vi håpar pressen har lyst til å nytte høvet til å oppdatere seg på kva som rører seg på Det Norske Teateret framover, og lovar ein triveleg ettermiddag.

LES INTERVJU MED TEATERSJEF KJERSTI HORN HER.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Kjersti Horn portrett
    Kjersti Horn portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6467 x 4311, 5.91 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

    Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

    Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, grensesprengande teater, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.