Gå videre til innhold
Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

Pressemelding -

Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.

Den komande teatersjefen tar fatt på den nye rolla i teaterhuset med klare mål. Ho har kjent på utanforskap og på å vere annleis. Som teatersjef er det viktig for henne å markere at teateret er for alle. Og ho vil få teateret tilbake på radaren til både unge og gamle.
- Heile kunstnarskapen min er basert på sprekkar og feil. På det som gjer at vi alle ber på ei kjensle av å ikkje strekke heilt til. Teateret må vere ei linse for å forstå oss sjølv betre. For å få ei kjensle av at vi ikkje er åleine.

LES HEILE INTERVJUET HER.

Her er våren 2025 på Det Norske Teatret:

LADY MACBETH
Urpremiere 18. januar på Hovudscenen.


Historia om den unge ladyen som er fanga i eit ekteskap med ein mykje eldre mann, er eit fengslande portrett av ei undertrykt kvinne som blir brutal. Dette er ei heilt ny dramatisering - og regissør Melanie Mederlind lovar ei sterk forteljing om sex, død og makt.


JORDMOR PÅ JORDA

Oslo-premiere 23. januar på Hovudscenen

Fem år etter suksessen med Slåttekar i himmelen, kjem Teatret Vårt på gjesting frå Molde med ei ny framsyning i Edvard Hoem sin slektskrønike. I Jordmor på jorda møter vi Hoems eiga tippoldemor, den første jordmora i Romsdal, som forlot mann og barn for å følge kallet sitt.

SCENE 3 i 2025
Frå 23. januar på Scene 3


Tani Dibasey er teaterrabulisten som har gitt fingeren til teater-Noreg. No skal han i lag med den grensesprengande multikunstnarduoen Only Slime ta over programmeringa på Scene 3 i eit heilt år. Det vil boble over av konsertar, happenings og teater i ulike sjangrar.

ONCE
Noregspremiere 1. februar på Scene 2


Musikken spelar sjølve hovudrolla i denne musikalen. Once hadde premiere på Broadway i New York i 2012, og vann ein drøss av Tony Award-prisar. Den jordnære kjærleikshistoria og den upolerte, irskinspirerte folkrocken blir framført live på scenen av skodespelarane sjølve.

FORBRYTAR OG STRAFF
Urpremiere 7. februar på Scene 2


Romanen Forbryter og straff av Kathrine Nedrejord, blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris da den kom ut. No blir romanen teater. Dette er ei djupt personleg og samtidig universell forteljing om kvinners liv, og om korleis kvinner blir oppfostra i redsle og må bere andres skuld på skuldrene sine.

DA VI VAR YNGRE
Urpremiere 28. februar på Scene 2


Berre 19 år gammal gav Oliver Lovrenski ut romanen Da vi var yngre, som skildra eit Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje hadde kjennskap til frå før. Når forteljinga no kjem til scenen, blir det også debuten til Aksel Hennie teaterregissør, og rappar Jonas Benyoub som skodespelar.

EUROPAVISJONAR
Urpremiere 1. mars på Hovudscenen

I 2023 skapte regissør Simen Formo Hay stor begeistring med Døden på Oslo S på Økernsenteret, som blei framsyninga alle "måtte" sjå. I vår skal han i lag med fleire kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest, i ein songkonkurranse der Angela Merkel og Vladimir Putin står bak nokre av bidraga.

PROSESSEN MOT MENNESKA
Urpremiere 29. mars på Scene 2


Maskinens natur er å vere rasjonell. Men kva skjer når robotens rasjonalitet møter den menneskelege irrasjonaliteten? Velkommen inn i eit altomfattande digitalt univers der vi undersøker innsida av maskinen, og draumen om verda utanfor. Framsyninga tek form av ein rettssak, der publikum står på tiltalebenken, og må forsvare seg mot ein kunstig intellingens.

IKKJE EIN LYD
Urpremiere 5. april på Hovudscenen

Arne Lygre hadde vanvittig suksess med framsyninga Tid for glede på Hovudscenen i 2022. No er han tilbake med ein ny tekst på Hovudscenen. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.


ARV OG MILJØ

Nypremiere 3. mai på Hovudscenen

Vigdis Hjorths omdiskuterte roman sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. I 2018 blei forteljinga dramatisert på Den Nationale Scene i Bergen, i regi av Kjersti Horn. Framsyninga fekk fantastiske kritikkar, og blei nominert til Heddaprisen både for Årets framsyning og Beste regi.

UNNI OG GUNNI MÅLAR
Våren 2025 i foajeen ved Scene 2

For dei minste kjem Unni og Gunni til foajeen utanfor Scene 2 i ei nær og sanseleg framsyning. Dei er to gode venner som synest det er på tide å friske opp litt heime. Dei finn fram målarkostar og forvandlar den kvite igloen til ein vakker regnboge.

LES ALT OM VÅREN 2025 HER!

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Lady Macbeth
    Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    1920 x 1280, 487 KB
    Last ned
  • Jordmor på jorda
    Jordmor på jorda
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Teatret Vårt
    Størrelse:
    1680 x 716, 190 KB
    Last ned
  • SCENE 3
    SCENE 3
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3676 x 2068, 14.6 MB
    Last ned
  • Våren 2025 16-9 etter lansering.png
    Våren 2025 16-9 etter lansering.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 108 KB
    Last ned
  • Nettside-lansering.png
    Nettside-lansering.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    3406 x 2305, 8.36 MB
    Last ned
  • Forbrytar og straff
    Forbrytar og straff
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6285 x 4190, 3.66 MB
    Last ned
  • Da vi var yngre
    Da vi var yngre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Eivind Stoud Platou
    Størrelse:
    1920 x 1080, 462 KB
    Last ned
  • Europavisjonar
    Europavisjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    1920 x 1080, 4.18 MB
    Last ned
  • Prosessen mot menneska
    Prosessen mot menneska
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    1920 x 1080, 3.1 MB
    Last ned
  • Unni og Gunni
    Unni og Gunni
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Anna R. Folkestad
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.13 MB
    Last ned
  • Once uttrykksfoto
    Once uttrykksfoto
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6720 x 4480, 5.77 MB
    Last ned
  • Kim Helge Strømmen og Ina Svenningdal, Once
    Kim Helge Strømmen og Ina Svenningdal, Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6720 x 4480, 6.66 MB
    Last ned
  • Kim Helge Strømmen og Ina Svenningdal, Once
    Kim Helge Strømmen og Ina Svenningdal, Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6234 x 4156, 4.15 MB
    Last ned
  • Kjersti Horn portrett
    Kjersti Horn portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4480 x 6720, 6.9 MB
    Last ned
  • Kjersti Horn portrett
    Kjersti Horn portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6250 x 4167, 6.2 MB
    Last ned
  • Kjersti Horn portrett
    Kjersti Horn portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4713 x 7070, 7.26 MB
    Last ned
  • Kjersti Horn portrett
    Kjersti Horn portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6467 x 4311, 5.91 MB
    Last ned
  • Tani Dibasey, Tobi Pfeil og Claudia Cox
    Tani Dibasey, Tobi Pfeil og Claudia Cox
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3975 x 2649, 1.65 MB
    Last ned
  • Jakob Höglund
    Jakob Höglund
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Eva Lingon
    Størrelse:
    2000 x 3000, 2.65 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Det Norske Teatrets nye teatersjef fra 2025, Kjersti Horn. Foto: Magnus Skrede.

    Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret

    Endeleg er det klart kven som skal ta over stafettpinnen som ny teatersjef ved Det Norske Teatret.
    Det Norske Teatret har vakse til i bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimente