Gå videre til innhold
Franziska (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) har gått frå sambuaren og treng ein stad å sove for natta. Ho ringer eksen, David (Gard Skagestad). Dette utløyser ei ekteskapleg krise mellom David og kona Sibylle (KIrsti Stubø).
Franziska (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) har gått frå sambuaren og treng ein stad å sove for natta. Ho ringer eksen, David (Gard Skagestad). Dette utløyser ei ekteskapleg krise mellom David og kona Sibylle (KIrsti Stubø).

Pressemelding -

Kjærleik og fasade

Vel vi framleis kven vi skal dele livet vårt med ut ifrå fornuft og ikkje kjensler? I den blodferske relasjonskomedien Eks avslører dramatikar Marius von Mayenburg småborgarskapets fasadeliv i eit intrikat trekantdrama. 

EKS
av Marius von Mayenburg
Noregspremiere fredag 18. februar kl. 20.30
Scene 3

Ein designsofa. Eit ektepar med høgare utdanning. Barna søv søtt på romma sine. Alt ser ut til å vere klipt ut av eit interiørmagasin; ein perfekt familie. Men - er dei lykkelege? Ho drikk vin og ser på film med høyreklokkene på. Han jobbar. Ordvekslinga dei imellom er knapp og ironisk anklagande. Stemninga er alt anna enn god. Så ringer ekskjærasten hans på, og helvete bryt laus.

Tyske Marius von Mayenburg blir rekna mellom Europas mest interessante dramatikarar, og stykka hans er omsett til over 30 språk. Dramatikken han skriv er kjenneteikna av svart humor og ein brutal ærlegheit. Han har sjølv omtalt verka sine som ei slags offentleg dagbok. 
- Eg ville vise eit forhold som krasjlandar på grunn av klasseskilnader, sa Mayenburg til Riksteatern i Sverige, som han skreiv og regisserte stykket for i fjor.
Det viser seg nemleg at David (Gard Skagestad) har gifta seg med Sibylle (Kirsti Stubø) fordi ho var eit godt parti, med høg utdanning og orden på livet. Ikkje av kjærleik. Kjenslene for eksen Franziska (Ingeborg Sundrehagen Raustøl), som på impuls har forlatt sambuaren og treng ein stad å sove for natta, er på ingen måte døde. Ut over natta utviklar dramakomedien seg til å bli eit marerittaktig oppgjer der påstandar, anklagar og avsløringar gjer at heile livsgrunnlaget vaklar. Med utgangspunkt i ein klassisk familiekonstellasjon leikar von Mayenburg med den psykologiske thrilleren, i tett slektskap med nordiske storleikar som Ibsen, Norén og Bergman. 

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Ny premieredato for Eks

    Ny premieredato for Eks

    Denne gongen er det noregspremieren på Eks av Marius von Mayenburg som blir utsett, men heldigvis berre med ein dag. Keeperen og havet har også fått ny dato.
    Her er eit oversyn over premieredatoane frametter:

    FEBRUAR
    19. Eks NY DATO!
    23. Keeperen og havet NY DATO!
    26. Fuglane

    APRIL
    2. Into the Woods
    23. Amsterdam
    29. Faderen

    MAI
    5. Shiemens
    14. Bror