Gå videre til innhold
Frode Winther spelar rolla som Mikael,  ein familiemann midt i livet som får ei openberring om å utføre eit heilagt offer. Foto: Eirik Malmo
Frode Winther spelar rolla som Mikael, ein familiemann midt i livet som får ei openberring om å utføre eit heilagt offer. Foto: Eirik Malmo

Pressemelding -

​Kva er ei god handling?

Tre parallelle historier om menneske som har fått eit kall om å utføre eit heilagt offer.

OPENBERRINGA
NOREGSPREMIERE 22. FEBRUAR
SCENE 2

Openberringa opnar med ein samtale mellom eit ektepar. Han har fått ei openberring. Ho er full av avsky. Gjennom tre parallelle historier om menneske som på eitt eller anna vis har fått eit kall om å utføre eit heilagt offer, problematiserer stykket tema som tru og tvil, moral og empati, kva som er godt og kva som er vondt, og menneska si søking etter ei høgare meining. 

ALTERNATIVE SANNINGAR
Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Mattias Andersson. I tillegg til å vere dramatikar og regissør, er han òg kunstnarleg leiar for Backa Teater i Gøteborg. Han seier at «alternative sanningar» var eit utgangspunkt for at han skreiv Openberringa:

- Alternative sanningar og parallelle verkelegheitsoppfatningar som lever side om side er jo eigentleg noko veldig positivt. På same tid er det noko det moderne mangesidige samfunnet må greie å handtere. Trengst det ein felles grunnleggande samfunnskontrakt og kollektive narrativ, eller er det heilt opp til den enkelte å sjå verda på sin eigen måte? «Dette opplever eg som blått. La meg ha mi forståing av omgrepet, sjølv om du seier at det er raudt.» Då eg skreiv stykket var det viktig for meg å kunne finne eit slags kart og orientere meg i alt dette.

Å VERE SJØLVOPPTATT ER I TIDA

Openberringa er eit draumspel og ein undergangsvisjon. Eit samtidsdrama med bibelske referansar. Ifølge Mattias Anderson hadde stykket opphaveleg ein annan tittel: Incurvatus in se. Det kan omsetjast til å vere sjølvopptatt:

- Å vere sjølvopptatt er absolutt eit viktig tema i stykket, inspirert av eit sitat av Martin Luther som jo handlar om å vere så vendt innover i seg sjølv at ein ikkje greier å vere mottakeleg for verken gud eller medmenneska sine. Det er i takt med tida vi lever i, der alle er sine eigne øyer og univers, ikkje minst i sosiale medium der vi skaper vår eiga livshistorie innanfor ein nyheitsstraum vi sjølv har definert, og får ho stadfesta av menneske som lever akkurat som oss og har dei same meiningane. Eg har jo jobba med denne tematikken tidlegare, men det kjenst som eit veldig viktig tema i dette stykket.

Openberringa hadde urpremiere på Dramaten i Stockholm i 2017, og har Noregspremiere på Det Norske Teatret 22. februar. Det er Nina Wester som har regi.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge