Gå videre til innhold
Carl Martin Eggesbø har rolla som den iskalde seriemordaren inspirert av den sanne historia om Roberto Succo. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Carl Martin Eggesbø har rolla som den iskalde seriemordaren inspirert av den sanne historia om Roberto Succo. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Kva får ein ung mann til å drepe foreldra sine?

I 1981 knivstakk ein 18 år gamal italiensk mann mor si 32 gonger, for deretter å kvele faren. Truleg fordi han ikkje fekk låne bilen. Så la han dei døde kroppane i eit badekar med lime for å forseinke forråtninga av lika. Namnet hans var Roberto Succo, og foreldra skulle ikkje bli dei siste han drap. Nokre år seinare gjekk dramatikaren Bernard-Marie Koltés forbi ein plakat med bilde av den da etterlyste Succo, og blei fascinert og inspirert til å skrive teaterstykket Roberto Zucco.

ROBERTO ZUCCO

av Bernard-Marie Koltés
PREMIERE FREDAG 12. JANUAR KL. 19.30
SCENE 2

Den unge dobbeltdrapsmannen blei fengsla for drapet på foreldra. Under fengselsopphaldet var han ein "mønster-innsett", og blei sleppt ut på prøve etter fem år. Da såg han sitt snitt til å skape seg falsk identitet og stikke av. Dei komande åra begikk han valdtekt, ran og fleire drap, medan han leikte katt og mus med politiet i fleire europeiske land. I Sveits blei han erklært som folkefiende nummer ein, han forsøkte å rømme frå høgsikkerheitsfengsel på spektakulært vis, og enda til slutt med å ta sitt eige liv i fengsel.

Politifoto av Roberto Succo, 1988. Foto: AFP.

Det vonde i oss

Den franske dramatikaren Koltés var ein fornyar av teateret på 80-talet. Han var spesielt oppteken av einsemd og dei brutale sidene ved livet og sinna våre i sitt arbeid. Bildet han såg av Succo på metroen i Paris fanga han. Kva driv ein seriemordar? Kva motiv har han? Korleis kan normale menneske begå slike brutale gjerningar? Bur det vonde eigentleg i oss alle, og kva er det som utløyser dette hos nokre av oss? For å fjerne hovudkarakteren noko frå den verkelege personen, endra Koltés etternamnet til Succo til "Zucco".

Dramatikar Bernard-Marie Koltés, 1984. Foto: Louis Monier, Gamma-Rapho via Getty Images.

Bekmørkt sinn

Teaterstykket Roberto Zucco er ein studie av ein plaga og sjølvdestruktiv karakter, ein einsam mordar utan motiv som opererer i samfunnets skuggesider på jakt etter ei større meining, eller kanskje seg sjølv. Zucco (Carl Martin Eggesbø) er vakker og intelligent, men også ein mordar som drep, tilsynelatande utan kvalar. Ein ung mann som vil bort, som vil straffe verda og seg sjølv. På vegen møter han andre menneske med tragiske skjebnar som han øydelegg og dreg med seg ned i eit beksvart mørker. Nokre av dei sløknar han for godt.

Til helvete

Det er den anerkjende kroatiske regissøren Ivica Buljan som har regien. Han er ein av dei fremste kjennarane av Koltés' dramatikk, og har over ti gonger tidlegare iscenesett skodespela hans. Saman med scenograf Alexander Denić har han skapt om Scene 2 til ein møkkete bakgård med tomme ølkasser, ei skiten bule av ein luguber strippeklubb, ei sliten pizzasjappe, bensinstasjon og italiensk piazza. Under eit partytelt står eit brokete samansett rockeband, der skodespelarane spelar alle instrument, og stadene er befolka av fyllikar, horer og andre som har hamna på utsida av samfunnet. Rett ut: Ein fest som berre kan gå ein veg, og det er lukt til helvete.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge