Gå videre til innhold
Skodespelarane Joachim Rafaelsen, Ane Dahl Torp og Marie Blokhus er quiz-vertar som testar publikum, men dei blir også sjølve testa.
Skodespelarane Joachim Rafaelsen, Ane Dahl Torp og Marie Blokhus er quiz-vertar som testar publikum, men dei blir også sjølve testa.

Pressemelding -

Kva gjer testsamfunnet med oss?

I Fridomens vegar undersøkjer regissør Tore Vagn Lid kva den utstrakte testinga vi blir utsette for gjer med oss. Dette gjer han i ein pubquiz-inspirert setting der publikum blir delte inn i lag, og skodespelarane opptrer som quizvertar som testar publikums kunnskapar og resonneringsevner.

FRIDOMENS VEGAR
AV TORE VAGN LID
URPREMIERE LAURDAG 8. OKTOBER KL. 17.30
DET NORSKE TEATRET, SCENE 2

Gjennom utstrakt testing prøver vi å forme naturen i vårt forskningsbaserte bilde. Er du innanfor eller utanfor normalen? Har du det som krevst for jobben? Har du høg eller låg IQ? Dersom du på noko vis fell utanfor normalområdet, skal du få hjelp til å bli mest mogleg normal. Men kan naturen eigentleg kontrollerast? Og kven er bestemmer kva som er normen? Kven lagar testane?
Og ikkje minst: Kven testar testaren?

I Fridomens vegar blir både skodespelarane og publikum testa. I ein pubquiz-setting med bar blir publikum delte inn i lag og testa i alt frå musikk- til biologikunnskapar. Men også skodespelarane blir sette på prøve. Bjørn (Joachim Rafaelsen) blir innkalt til eit slags jobbintervju med eit innleigd firma for å finne ut om han har det som skal til for å få engasjement ved Det Norske Teatret i to nye år. Marie (Ane Dahl Torp) tar ein personlegdomstest, og får eit overraskande resultat. Ane (Marie Blokhus) testar seg for ein genetisk arveleg sjukdom. To barn blir sendt ut i verda for å finne ut kven som laga det omstridde "solfaktor"-spørsmålet i Pisa-testen - ei jakt som fører dei langt over rikets grenser.

Kan ein saksøkje foreldra sine dersom dei visste at dei kunne føre vidare ein genetisk arveleg sjukdom? Er det ein grunn til at dei på vestkanten tener meir enn dei på austkanten? Skal dei som har anlegg for ein genetisk arveleg sjukdom betale høgare livsforsikring? All kunnskap vi får, gir oss nye dilemma. Vi kan få kunnskap vi ikkje visste at vi ikkje ville ha.
Er det nokon som profiterer på det dei får vite om nettopp deg?

Related links

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Ane Dahl Torp testar publikum
    Ane Dahl Torp testar publikum
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3456, 638 KB
  • Personlegdomstest
    Personlegdomstest
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3456, 695 KB
  • Publikum gir svar
    Publikum gir svar
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3456, 814 KB
  • Jobbintervju
    Jobbintervju
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3355, 771 KB
  • Quizvertar
    Quizvertar
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3456, 836 KB
  • Skodespelarane i Fridomens vegar
    Skodespelarane i Fridomens vegar
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5184 x 3456, 1.09 MB
  • Pirresnutt frå Fridomens vegar
    Spill av video
    Pirresnutt frå Fridomens vegar
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .mov
    Lengde:
    1:20

Relatert innhold

  • Med quizen som teater & Teatret som quiz

    Med quizen som teater & Teatret som quiz

    ​Tore Vagn Lid er kjend for musikalske og samfunnsaktuelle teaterframsyningar som engasjerer, provoserer og gir publikum nye perspektiv. Her skriv han om sitt nye prosjekt, Fridomens vegar, som han skal orkestrere på Scene 2 i haust.