Gå videre til innhold
Fabian Svegaard Tapia spelar rolla som Pinocchio som ein villstyrig ungdom i ein mørk og rå versjon. Foto: Espen Tollefsen.
Fabian Svegaard Tapia spelar rolla som Pinocchio som ein villstyrig ungdom i ein mørk og rå versjon. Foto: Espen Tollefsen.

Pressemelding -

Med Pinocchio inn i klubbmørkeret

Fabian Svegaard Tapia spelar rolla som Pinocchio som ein villstyrig ungdom i ein mørk og rå versjon.

PINOCCHIO
av Carlo Collodi
PREMIERE TORSDAG 10. NOVEMBER KL. 19.00
ROMMEN SCENE


Lysstoffrøyr, scenerøyk, technomusikk og strobelys dannar ramma for ein dystrare og meir ungdommeleg versjon av Pinocchio enn den kjende Disneyklassikaren. Pinocchio er ein av desse ungdommane som berre teste alt som verkar gøy og kanskje litt på kanten - han vil berre at dei andre skal synest han er kul. Pinocchio vel lettaste veg, skulkar unna det som er kjedeleg og lyg når sanninga er ubehageleg. Han blir lurt og snublar inn i farlege situasjonar, sidan han ikkje evnar å sjå konsekvensar eller enno veit at verda ikkje berre er god.

Å bli vaksen er ein smertefull prosess, og Pinocchios val sender han ut på eit mørkt eventyr der han sjølv må finne ut kven han vil vere og kva han meiner er rett og gale. Men Gepetto, dokkemakaren som har skapt han, tilgir heldigvis alt. Om han har lang nase eller eseløyre - han elskar han uansett.


Groruddøl og breakar

Hovudrolleinnehavar Fabian Svegaard Tapia er ekte Groruddøl, og er kjend for eit yngre publikum gjennom Battle-filmane. Han er også ein av Skandinavias dyktigaste breakarar, og i rolla som Pinocchio nytter han i stor grad dans i scenespråket. Regissør Øyvind Osmo Eriksen har laga ein fysisk, leiken og musikalsk versjon der musikk, dans og humoristiske innslag driv handlinga framover. Kostyma til Ingjerd meland er fargerike, og i lag med Mathias Langholm Lundgrens dunkle og minimalistiske lyssetting skapar dei den rette klubbstemninga på Rommen.

Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge