Gå videre til innhold
Ane Dahl Torp, Therese Lambrechts Vaulen, Laila Goody, Jon Bleiklie Devik, Kyrre Hellum, Preben Hodneland, Kjersti Dalseide, Peder Varkøy og Oddgeir Thune. Foto: Pernille Sandberg.
Ane Dahl Torp, Therese Lambrechts Vaulen, Laila Goody, Jon Bleiklie Devik, Kyrre Hellum, Preben Hodneland, Kjersti Dalseide, Peder Varkøy og Oddgeir Thune. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Moderne tekst i rokokkodrakt

Moderne menneske med universelle problem kledd i rokokkokostyme møtest til nokre timars tilsynelatande glede når Arne Lygres første teaterframsyning for det store formatet har urpremiere på Hovudscenen.

TID FOR GLEDE
av Arne Lygre
URPREMIERE 25. JANUAR KL. 20.00
HOVUDSCENEN

PREMIERESAMTALE 25. JANUAR KL. 19.15
med Arne Lygre og Anette Trettebergstuen
FOAJÉEN PÅ TEATRET OG FACEBOOKSIDA TIL DET NORSKE TEATRET

Ei mor har kalt til seg begge dei vaksne barna sine. Dottera kjem, sonen dukkar aldri opp. Dei pratar om livet, om forholdet dei imellom. Men heile tida er det som om det dei seier ikkje er det dei meiner, eller at det dei pratar om ikkje eigentleg er det dei pratar om. Eller at dei seier noko dei skulle ønske var sant, men ikkje er det. Passiv-agressive undertonar boblar ofte til overflata.

- Det ligg mykje humor i å kjenne att sine eigne manglar i liva til andre, seier Laila Goody, som spelar mora i stykket.
Les heile intervjuet.


Tid for glede 
handlar om kven vi er for kvarandre og korleis vi oppfattar omgjevnadene våre. Om alt som er fint og alt som er vanskeleg i relasjonar, om oppbrot, einsemd, om å høyre til og å høyre saman. Denne moderne teksten gir eit nærbilete av det vi leiter etter, det vi mister, det vi elskar og det vi foraktar.

Stjernelag i rokokkodrakter 

Regissør Johannes Holmen Dahl er kjend for å ha eit nedtona og nøkternt uttrykk i framsyningane sine, men denne gongen har scenograf og kostymedesignar Nia Damerell kledd opp skodespelarane i rokokko-inspirerte kostyme med pudderparykkar, korsett og hoftestativ. Rokokkotida var ei tid for glede og leik, og kostyma gjer at skodespelarane kan tillate seg ein litt meir karikert, opphøgd og teatral spelestil. På scenen står eit stjernelag med Laila Goody som mora i spissen. Musikar Peder Varkøy toneset handlinga gjennom heile framsyninga med høgtidelege kyrkjeorgeltonar.



Arne Lygre

Den prislønna og internasjonalt anerkjende dramatikaren Arne Lygre har med Tid for glede skrive sitt mest omfattande verk.
Lygre er ein av dei viktigaste samtidsdramatikarane i landet og han har skrive tolv skodespel og er tildelt Brageprisen for novellesamlinga Tid inne. I 2013 fekk Lygre Ibsenprisen for stykket Jeg forsvinner og i 2017 han fekk Heddaprisen for beste scenetekst med La deg være. Tid for glede er etter urpremieren på Det Norske Teatret også planlagt sett opp ved fleire sentrale europeiske teater. Lygre er omsett til over 20 språk og blir spelt på viktige scener over heile verda.
Les meir om Arne Lygre.

Skeivt kulturår og premieresamtale

Premieresamtale tysdag 25. januar kl. 19.15, før framsyninga i foajeen og på Faebooksida til Det Norske Teatret
Panel: Arne Lygre (dramatikar) og Anette Trettebergstuen (Kultur-og likestillingsminister).
Samtalen blir leia av Erlend Tårnesvik Dreiås (formidlingsansvarleg).
Samtalen blir tilgjengeleg for premierepublikumet og på direktestrøyming på Facebook.


25. januar er ein viktig dato for Det Norske Teatret av fleire grunnar. Ikkje berre er det urpremiere på Tid for glede av Arne Lygre på Hovudscenen, men vi markerer også opninga av Skeivt kulturår ved Det Norske Teatret. Det er første gongen Lygres drama blir sett opp i det store formatet, og på den måten blir dramatikken hans løfta opp på det nivået Hovudscenen gir høve til. Dette er også første gong Lygre skriv dramatikk frå eit skeivt perspektiv og det gjennom eit relasjonsdrama der den skeive kjærleiken teiknast som ein likeverdig og naturleg del av familietreet. Til alle tider har teateret hatt skeive kunstnarar, dramatikarar og skodespelarar som del av ensemble og repertoar. Men det betyr ikkje at skeiv kunst og skeive forteljingar alltid har vore synleg. I dag er det ikkje uvanleg at skeive karakterar er ein naturleg del av ei forteljing, anten i teksten eller i iscenesettinga. Men gjer det at kunsten kan kallast skeiv? Er i så fall det ein merkelapp som avgrensar eller opnar verket? På kva måte har kunsten vore viktig i kampen for skeive sine rettar i Noreg opp igjennom åra, og korleis ser det ut i dag? 

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge